Framskunda behandling av patentsøknader
Døme på grunnar:
- du er i forhandlingar med ein investor som ønskjer ei utsegn før dei gjer investeringar i di oppfinning
- du er i lisensforhandlingar
- andre har urettmessig begynt å utnytte oppfinninga di
- du ønskjer å levere inn ein søknad internasjonalt og har særleg behov for fleire utsegn før prioritetsåret går ut
Vi vil vurdere førespurnader om framskunda behandling konkret i kvart enkelt tilfelle.
Send søknaden om framskunda behandling til post@patentstyret.no.
Internasjonal søknad - PCT
Ved ein vidareført internasjonal søknad kan du be Patentstyret ta opp denne til behandling før utløpet av vidareføringsfristen på 31 månader, og før tilleggsfristen på fire månader.
Eit vilkår for å gjere dette er at det finst ein tilgjengeleg internasjonal førbuande rapport for patenterbarheitsprøving (IPRP). I tillegg må du ha ein sakleg grunn for korfor behandlinga av søknaden skal prioriterast. Kva som kan reknast som ein saklig grunn blir vurdert på same måte som nevnt ovanfor.
Les meir om PCT.
Patent Prosecution Highway (PPH)
I tilfelle kor Patentstyret har etablert samarbeidsavtalar med andre patentmyndigheiter (Patent Prosecution Highway), kan du be om prioritert behandling av søknaden din.
Dette gjeld for søknader med krav som en patentmyndigheit har uttalt er patenterbare. Vi forutset at dei øvrige vilkåra i PPH-avtalen er oppfylde.
Les meir om PPH.