Ansvarsmerke for gull-, sølv- og platinavarer

Ei gull-, sølv- eller platinavare som blir stempla med finheitsmerke, skal samtidig stemplast med eit ansvarsmerke.

Kva er eit ansvarsmerke?

Eit ansvarsmerke fortel kven som har ført vara ut i marknaden (kven som er produsent eller importør). Det gjer det mogleg å identifisere kven som har laga vara, til dømes kva for ein gullsmed.

Eit ansvarsmerke kan vere eit reint ordmerke eller ha ei figurativ utforming. Merket skal ikkje innehalde finleiksgrad, for eksempel 585 eller 925.

Ansvarsmerket du stemplar på varene dine må vere identisk med ansvarsmerket du har registrert i Patentstyret.

Kva er eit finleiksmerke?

Eit finleiksmerke er ein garanti for graden av reinleik eller finleik i edle metall. Finleiken blir avgjord ved offisiell testing av metallet. Finleiksmerket er eit offisielt merke eller ein serie merke som blir stempla på varer laga av edelt metall, for eksempel platina, gull og sølv.

Justervesenet fører tilsyn med at varer som blir marknadsførte som gull, sølv og platina er stempla med eit gyldig ansvarsmerke og ein tillaten finleik. Dette inneber at Justervesenet kan kome på tilsynsgjesting ved utsalsstader. For spørsmål om finleiksmerke, ta kontakt med Justervesenet.

Kvifor må du merke vara med eit ansvarsmerke?

Viss du er i gull- og sølvsmedbransjen og vil selje eigenproduserte varer, har du plikt til å ha eit ansvarsmerke slik at produsenten kan identifiserast. Ansvarsmerket skal registrerast hos Patentstyret. Ansvarsmerket skal vere eit hjelpemiddel til å halde ved like tillit til varer av edle metall og skal sikre at den verkelege finleiken til ei vare er i samsvar med den finleiken som er stempla på vara.

Oversikt over ansvarsmerke i Noreg

Du finn ei oversikt over ansvarsmerke i Noreg i søkjetenesta vår. Her kan du sjå korleis merket ser ut og kven som er innehavar av merket. Innehavaren kan vere ein annen enn den eventuell gullsmedverksemda som sel smykket. Ver merksam på at ikkje alle merke i basen er gyldige. Det er derfor viktig at du sjekkar statusen. 

Patentstyret har inga oversikt over alle eldre ansvarsmerke som ikkje lenger er i kraft.

Registreringar av ansvarsmerke blir kunngjorde i Norsk varemerketidende på Patentstyret sine nettsider.

Registrering av ansvarsmerke

Registreringa skjer hos Patentstyret. Det er ikkje noko sentralt register i EU/EØS, men nasjonale register i dei enkelte landa.

Søknadsskjema på Altinn. Du får kvittering umiddelbart.

Utfylling av søknaden

Søknaden skal innehalde namnet og adressa til søkjer eller føretak.

Den skal innehalde ei gjengiving av det søkte merket. Gjengivinga bør ikkje vere større enn 8 x 8 cm. Ansvarsmerket kan sjølvsagt forminskast når det blir sett på varen, men det må ha dei same proporsjonane som det registrerte merket.

Dersom søkjer har fullmektig skal også skriftleg fullmakt sendast inn.

Kor lenge varer ei registrering?

Ei registrering gir vern i ti år, og registreringa kan fornyast kvart tiande år mot ei avgift. Dette kan skje eit ubegrensa antal gonger.

Kva kostar det å registrere eit ansvarsmerke?

  • Søknadsavgift: kr 1000
  • Gjenopptaking av henlagt søknad: kr 500
  • Fornying av ansvarsmerke: kr 700
  • Tilleggsavgift der krav om fornying blir levert etter utløpet av registreringsperioden (respittavgift): kr 300
  • Administrativ overprøving av registrering: kr 2500

Korleis skal du betale avgifta?

Informasjon om kontonummer m.m.

Når kan du rekne med svar?

Vi tar søknaden opp til behandling innan 1 månad etter at du har betalt søknadsavgifta.

Dersom du ikkje betalar elektronisk ved levering, sender vi deg ein faktura på søknadsavgifta innan 1 veke etter at vi har fått søknaden. Du får frist på 1 månad for å betale fakturaen.

Vi undersøkjer om søknaden har nokre formelle manglar. Deretter undersøkjer vi om det finst hinder for at vi kan registrere merket, det vil seie om merket strir mot lov, offentleg orden og moral, om det er eigna til å villeie eller eigna til å bli forveksla med ein annan sitt ansvarsmerke, eldre merke eller innarbeidde merke.

Dersom vi finn formelle feil eller hinder for registrering, skriv vi til deg og gir deg ein frist på 3 månader for å rette feila eller sende oss eit endra merke. Viss du sender oss eit endra merke i den eksisterande søknaden, vil vi undersøkje dette som eit nytt merke.

Når alt er i orden med søknaden, registrerer vi ansvarsmerket umiddelbart og sender deg eit registreringsbevis i Altinn eller i posten viss du ikkje brukar Altinn.

Klage på registrering av ansvarsmerke

Dersom du meiner at Patentstyret har registrert eit ansvarsmerke på feil grunnlag, kan du klage på dette ved å sende eit skriftleg krav om administrativ overprøving til oss. Kravet må innehalde:

  • namnet og adressa til den som leverer kravet
  • nummeret på registreringa som du krev overprøvt
  • kva grunnar kravet byggjer på
  • nødvendig dokumentasjon av dei forholda som gjeld for kravet

Alle kan krevje administrativ overprøving av ansvarsmerke så lenge registreringa gjeld.

Importerer du varer av edelt metall frå EU/EØS-land?

Viss du importerer varer av edle metall frå EU/EØS-land som er lovleg stempla i eit slikt land, treng du som importør eller forhandlar av slike varer ikkje stemple dei med norsk ansvarsmerke. Dette gjeld berre viss det aktuelle merket som allereie er stempla på vara ikkje er eigna til å forvekslast med eit norsk ansvarsmerke. Dette kan du sjekke med ansvarsmerkeregistret hos Patentstyret. (Les korleis du kan søkje i basen vår under avsnittet Oversikt over ansvarsmerke i Noreg).

Produsenten av vara må vidare kunne identifiserast, og du må kunne dokumentere at merket er ført på vara på lovleg måte. Før ei vare blir lagt ut for sal, skal du som importør eller forhandlar av varene gi melding til Justervesenet med opplysning og dokumentasjon av stemplinga. Det er Justervesenet som utfører kontroll av varer av edelt metall. Du finn meir informasjon og kontaktperson på denne sida hos Justervesenet.

NB: Hugs at metallet i eit ur blir rekna som edelt metall dersom finheita tilseier det. Hugs også at Sveits ikkje er eit EØS-land og at viss ein importerer edelt metall derfrå, må ansvarsmerket registrerast hos Patentstyret - sjå info under om import frå land utanfor EU/EØS.

Importerer du varer av edelt metall frå land utanfor EU/EØS?

Viss du importerer varer i edelt metall frå land utanfor EU/EØS-området, må varene vere påstempla eit ansvarsmerke som er registrert hos Patentstyret. Som importør er du ansvarleg for at finhetsgraden som er stempla på vara er i samsvar med den verkelege finheitsgraden. 

Regelverk

Lenkjene går til Lovdata

 

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: