De treng ikkje lenger å melde namne- og adresseendringar til Patentstyret dersom verksemda er registrert i Einingsregisteret. Når de endrar opplysningane der, blir dei automatisk oppdaterte i registera våre.
Dette gjer det enklare å halde opplysningane oppdaterte. Det støttar òg prinsippet om at verksemder berre skal melde inn opplysningar og endringar éin stad.
Vi har allereie teke løysinga i bruk for nokre søknader. No tek vi henne i bruk i større skala. Det reduserer behovet for manuelle endringar, avgrensar feil i saksbehandlinga og gjer forvaltninga av rettar meir effektiv.
Har du levert søknader før 1. juni 2026?
Då tilrår vi at du sjekkar om opplysningane dine er oppdaterte i registera våre, og gir oss beskjed viss dei ikkje er det. På sikt vil vi "vaske" registera våre mot Einingsregisteret, slik at vi alltid har dei nyaste namna og adresseopplysningane.


