Ord har makt - slagord kan være virkningsfullt i markedsføring

Slagord som varemerke

Fleirordmerke, slagord eller slogan – omgrepa blir litt brukte om kvarandre. Kva reglar gjeld for bruk av desse orda som varemerke?

I varemerkelova står det at eit varemerke kan bestå av til dømes «ord og ordsamband, under dette slagord og namn». Det er i prinsippet ingenting i vegen for at slagord, uttrykk og ordtak blir registrert som varemerke, så lenge dei har særpreg og ikkje er beskrivande. Slagordet eller ordtaket må vurderast opp mot dei varene og tenestene som er oppgitte i søknaden.

Beskrivande slagord

Slagord som beskriv varer og tenester eller som seier noko om kvalitet og eigenskapar, kan ikkje registrerast som varemerke. Eit slagord eller fleirordmerke som eksempelvis berre skryter av kvaliteten på produktet ditt eller profesjonaliteten din, vil normalt ikkje kunne registrerast.

Du vil derfor ikkje få einerett til varemerke som:

  • DEN BESTE ISKREMEN I BYEN for iskrem
  • RASKT, ENKELT og BILLIG for eit flyttebyrå eller ei transportteneste
  • HAN UTAN SUKKER for mineralvatn og saft

Slagord som manglar særpreg

For å kunne registrere eit slagord som varemerke, må det ha evna til å feste seg i medvitet hos den relevante kundegruppa. Slagordet må oppfattast som eit kjenneteikn som seier noko om opphavet til produktet eller tenesta. Med andre ord, det må ha evna til å skilje dine varer og tenester frå andres. Vi vil derfor normalt ikkje godta generelt salsfremjande utsegner som varemerke.

Slagord som manglar særpreg:

  • SUBSTANCE FOR SUCCESS (Nekta i EU)
  • DREAM IT, DO IT (Nekta i EU)
  • SHARING EXPERTISE (Nekta i Klagenemnda for industrielle rettar, KFIR)

Registrerbare slagord

Eit slagord vil stort sett vere registrerbart viss det inneheld eit element som «ber merket», det vil seie minst eitt element den vanlege forbrukaren (gjennomsnittsforbrukaren) kan feste seg ved og hugse.

Derfor er desse varemerka registrerbare:

  • CARLSBERG – PROBABLY THE BEST BEER IN THE WORLD (CARLSBERG ber merket og tilfører særpreg)
  • TODAY TOMORROW TOYOTA (TOYOTA ber merket og tilfører særpreg)

Eit slagord vil ofte vere registrerbart viss det inneheld eit fantasifullt eller fengjande element som ordspel, rytme eller ironi.

Døme på slike varemerke:

  • THE BIG PICTURE for projektorar (har ei morosam dobbeltbetydning)
  • FLIS AND LOVE! for mellom anna keramiske fliser (spelar på uttrykket «peace and love»)

Kjende uttrykk og ordtak som varemerke

Kjende uttrykk og ordtak kan registrerast som varemerke så lenge dei har særpreg og ikkje er beskrivande.

Nokre ord og uttrykk er så vanlege at dei ikkje har evne til å feste seg i medvitet hos forbrukarane som eit varemerke.

Nokre døme:

  • Patentstyret har avslått søknader om vanlege uttrykk som TAKK og GOD TUR. Viss du ser GOD TUR på ein sjokolade eller ein kjekspakke vil dette oppfattast som ei hyggjeleg helsing, og ikkje som eit teikn på kvar varet kjem frå.
  • I EU er det vanlege uttrykket SAFETY 1st nekta registrert for mellom anna bilstolar og barnevogner. Dette er eit reklameuttrykk som samtidig seier noko om eigenskapane til varen.
  • REINT MJØL I POSEN (reg. nr. 249774) er registrert for mellom anna «bakverk». Men for varet «mjøl» ville kanskje varemerket vore beskrivande for kvaliteten på mjølet, slik at merket ikkje kunne registrerast.
  • GUTANE PÅ TUR (reg. nr. 197933) er registrerte for mellom anna ryggsekker, klede og sportslege aktivitetar.
  • DRA DIT PEPARN GROR kan registrerast for ein turoperatør
  • I MØRKERET ER ALLE KATTAR GRÅ kunne kanskje vore brukte for refleksar eller ein trafikk-kampanje.
  • DU SKAL HØYRE MYKJE er namnet på ein kjend norsk TV-serie. Programtittelen er ikkje varemerkebeskytta av NRK, men kan ha vern gjennom innarbeiding.
  • Kva med DU SKAL ALDRI SI ALDRI for forsikringstenester, eller EIN KRONE SPART ER EIN KRONE TENT for bankverksemd?

Spørsmålet er om teksten vil vere eigna til å skilje éi verksemds tenester frå andres. Viss uttrykket berre blir oppfatta som eit positivt lada slagord eller ei oppmoding til å kjøpe tenestene, vil varemerket bli nekta registrert.

Førstemann til mølla

Nokon kan kanskje bli opprørte over at det er førstemann til mølla for å få verna ordsamanstillingar som alle har behov for å bruke. Du må hugse at den som har fått ein varemerkerett til eit ordtak eller uttrykk ikkje generelt kan hindre andre i å seie eller skrive uttrykket. Innehavaren kan berre nekte andre å bruke uttrykket i næringsverksemd, og berre for dei varene og tenestene han eller ho har einerett til, og nærskylde varer og tenester. Med andre ord står alle fritt til å bruke kjende uttrykk og ordtak i dagleglivet, i litterære verk, i undervisning og foredrag osv.

Relaterte artikler