Har du ein medviten strategi for immaterielle rettar (IP)?

Ein robust og heilskapleg IP-strategi som er godt integrert i forretningsplanen er kjenneteikna for bedriftene som lykkast i internasjonale marknader. Handtering av immaterielle verdiar kan vere avgjerande for å oppnå målet til bedrifta.

Personer jobber med å legge strategi

Kvifor treng eg ein IP-strategi?

Formålstenleg bruk av immaterielle rettar i innovasjon kan bidra til å skape og sikre verdiar, og å unngå feilinvesteringar. Ein IP-strategi gir retningslinjer for korleis immaterielle verdiar skal identifiserast og - når relevant - blir verna, blir halden ved like, blir forsvart og utnytta forretningsmessig.

Ein gjennomarbeidd strategi for dette kan gi bedrifta di viktige og varige konkurransefortrinn. Rett bruk av desse rettane vil då vere like viktig for kommersiell suksess som finansiering, marknadsføring og sal.

Bedrifter med effektive IP-strategiar plasserer einerettane sine (patent, varemerke og design) på lik linje med andre aktiva i rekneskapen.

Personer-jobber-med-utregninger

Kva eigedelar har bedrifta?

Start med å kartleggje dei immaterielle ressursane i bedrifta. Kva for nokre av desse er nøkkelverdiane, som er viktigast for å oppnå forretningsmålet til bedrifta? Er det nokon verdiar som manglar? Skaff oversikt over kven som eig nøkkelverdiane. Det er òg viktig å synleggjere immaterielle eigedelar i rekneskapen og overfor eigarar, partnarar og andre interessentar.

Sjekklister - et hjelpemiddel for å få oversikt over immaterielle verdier

Få oversikt over immaterielle verdier. Det er egne sjekklister for deg som skal gjennomføre en offentlig anskaffelse, for deg som er i et selskap, og for deg som skal investere i et selskap.

Gå til sjekklistene

Kva skal dei immaterielle verdiane og rettane brukast til?

Det kan mellom anna skapast gjennom produkt og tenester, og dessutan gjennom lisensiering og sal av rettar.

Rettar er viktige som dokumentasjon og tryggleik for investorar, bankinstitusjonar og andre finansieringskjelder.

Aktuelle samabeidsmåter kan vere samarbeid mellom verksemder, ved etablering av fellesføretak eller open innovasjon.

Finn ut kva andre har gjort for å unngå å krenkja andre rettar. Du kan også byggja vidare på andres idear eller inngå samarbeid.

Dette er mellom anna for å sikre handlingsrom for teknologisk utvikling, blokkere konkurrentar, kontrollere verdikjeda og byggje omdømme.

– «For oss er det viktig å sikre IP-rettane våre i ein etablert marknad beståande av store aktørar. Ved å ha ein solid IPR-strategi viser vi at vi tek temaet på alvor og kan dermed hindre kopiering av produktet.»

Jonas Fossnes Blekastad

CEO Compax Solutions AS

Jonas_Fossnes_Blekastad300x350

Jonas Fossnes Blekastad

CEO Compax Solutions AS

Korleis skal verksemda handtere dei immaterielle verdiane?

Få på plass interne rutinar som får fram idear frå eigne tilsette, og sørg for at eigarskapen til ideane blir fastsett.Veit leiinga kva dei tilsette sit på av kunnskap? Det er òg viktig å klargjere kva bedrifta eig og kva den tilsette kan ta med seg. Det er behov for avtalar, forslagsordningar, retningslinjer og rutinar for innmelding av arbeidstakaroppfinningar, rutinar for gjennomgang av strategisk betydning og kor omfattande vern det krev, rutinar for gjennomgang av porteføljen med tanke på fornyingar, oppfølging av konkurrentar, rutinar ved inngrep mm. 

Held bedrifta godt nok på løyndommane? Sørg for god informasjonstryggleik og konfidensialitet, og inngå avtalar både med eigne tilsette, konsulentar og underleverandørar til verksemda. Visse krav må vere oppfylt for at informasjon skal reknast som forretningsløyndom, og det er viktig at verksemda kjenner til og innrettar seg etter desse.

Identifiser kva bedrifta kan gjere utan å krenkje andres rettar (freedom to operate). Finn ut kva andre har gjort, og kva de kan byggje på utan å krenkje andres rettar.

Sikre patent, varemerke og designvern.

Utnytt dine immaterielle rettigheter selv eller ved å gi andre tillatelse til å benytte et dataprogram du har opphavsrett til, et varemerke, et patent eller andre immaterielle rettigheter. 

Overvak rettar for å sjå kva viktige konkurrentar gjer eller følg med på om andre krenkjer rettane til bedrifta.

Ta stilling til korleis dette bør gjerast, og sørg for hjelp frå ekspertar.

– Viss du har gjort spennande vitskaplege funn, så sørg for å innleie ein patenteringsprosess tidleg. Det er viktig å ha ein god IP-strategi før essensiell informasjon hamnar i den offentlege sfæren, viss ikkje kan ein miste moglegheita til å patentere.

Ingrid Teigland Akay

managing partnar i Hadean Ventures

Nærbilde av blond kvinne

Ingrid Teigland Akay

managing partnar i Hadean Ventures

20240819_Patentstyret_lokasjon_017_HR

Skap verdiar gjennom lisensiering

Ønskjer du å finne nye forretningsmoglegheiter og inntektskjelder? Kanskje du drøymer om å selje produkta dine i nye marknader?

Lisensiering kan opne dørene til nye moglegheiter.

Les meir om lisensiering
Person-i-hengekøye-mellom-to-trær

Det er mulig å ta pant i immaterielle rettigheter

Pant i et patent eller varemerke tjener som sikkerhet for at et krav blir oppfylt, for eksempel at et lån blir tilbakebetalt. Pantsettelsen reduserer dermed risikoen for långiveren. Du kan også pantsette lisenser til slike rettigheter.

Les mer om pant i immaterielle rettigheter
Maling-pa-fargepalett

Opphavsrett

Opphavsrett blir gitt automatisk til den som har skapt eit originalt arbeid som kunstverk, bøker, nettstader, dataprogram, teikningar, skodespel, filmar, musikk og lydopptak. Du kan bruke symbolet © for å hjelpe deg med å demonstrere at du krev opphavsrett til eit bestemt verk, men du treng ikkje det. 

Les meir om opphavsrett