Lisensiering

Ein lisens er eit løyve til å nytte ei programvare, eit varemerke, eit patent eller andre immaterielle rettar. Lisensiering av slike rettar blir normalt dokumenterte i form av ein avtale mellom eigar av retten (lisensgivar) og ein eller fleire lisenstakarar om rett til å utnytte retten.

Mann signerer avtale

Ulike typar lisensiering

Immaterielle rettar kan danne basis for lisensiering på ulike måtar:

  • Enveis lisensiering (inn eller ut)
  • Lisens som basis for underlisensar
  • Krysslisensiering: Verksemder som har patent i tilstøytande teknologiområde kan lisensiere til kvarandre, noko som gir betre teknologiutnytting

Fordelar ved lisensiering

Det kan vere vanskeleg for bedrifter utan tilstrekkelege økonomiske «musklar» å utnytte ein idé med eit stort marknadspotensial fullt ut. Lisensiering kan gi auka utnytting likevel.

Ved å lisensiere ut einerettane dine, kan du få andre til å selje produkta dine i land der du sjølv ikkje er til stades. Slik kan du tene ekstra.

Ved å lisensiere ut til eit etablert selskap, slepper du sjølv å ta ansvar for produksjon, sal og marknadsføring. Det går dermed billigare og raskare.

Ved å lisensiere ut, kan du få inntekter frå bransjar du sjølv ikkje jobbar med. Til dømes kan du lage og selje bremser til offroadsyklar, men lisensiere ut til nokon som lagar motorsykkelbremsar.

Finn du nyttig teknologi hos andre, kan du lisensiere den inn, og dermed komme raskare inn i marknaden med lågare utviklingskostnader enn ved å lage alt sjølv.

Lisensiering i eit nøtteskal

Lisensiering inneber at kostnadene og risikoen ved produksjon og marknadsføring blir fordelt mellom partane.

TetteKuber-LysSvalgrønn-Grønn

Betaling av lisens

Betalinga kan gå føre seg på ulike vis, men det er vanleg med eingongsbetaling, royaltyar (som er utbetalingar relaterte til omsetning av produkt framstilt ved bruk av retten), eller kombinasjonar av desse.

– Marknaden for flytande sol er i sterk vekst på verdsbasis, og dermed er det òg stor konkurranse om å utvikle den beste teknologien.

Vi har patentert teknologien vår, og bruker patenta aktivt for å inngå lisensavtalar med utbyggjarar av kraftverk, og dessutan for å unngå kopiering. Lisensinntekta gir høve til å vidareutvikle teknologien slik at vi til kvar tid har det beste systemet.

Børge Bjørneklett

Founder & CEO Ocean Sun

Placeholder-portrettbilde-sitat-mose-svalgronn

Børge Bjørneklett

Founder & CEO Ocean Sun

Kva bør ein lisensavtale innehalde?

Det er ein kompleks og ofte langvarig prosess å forhandle fram lisensvilkåra. Lisensen er eit bindande juridisk dokument, derfor er det viktig at innhaldet er gjennomtenkt. Du bør involvere ein advokat, ein patentfullmektig eller andre juridiske rådgivarar med kjennskap til patent og lisensiering viss du ikkje har denne kunnskapen sjølv.

Dette er element det er vanleg å ta stilling til i lisensavtalar (lista er ikkje uttømmande):

  • avtalepartar
  • omfanget av lisensen; heile eller berre delar av retten og dens verneomfang
  • grad av eksklusivitet: eksklusiv, ikkje eksklusiv, kan òg ha vilkår for hald oppe av eksklusivitet over tid
  • blir det gitt rett til å gi underlisensar, eventuelt med kva avgrensingar?
  • for kva for eit geografisk område skal lisensen gjelde?
  • kva slags informasjon skal lisensgivar skaffe tilveie?
  • kven dekkjer kostnader ved eventuelle inngrep?
  • kven har rett til å gjere forbetringar/endringar?
  • har lisensgivar ansvar for teknisk eller annan bistand?
  • korleis er betaling og vilkår (eingongsbetaling/trinnvis/royalty)?
  • rett til innsyn i rekneskapar?

Huske å melde frå om lisensar til Patentstyret

Merknad av lisensavtalar i Patentstyrets register gir rettsvern ved rettskollisjonar.

Patentstyret legg inn informasjon om at det er gitt lisens i ein varemerke-, design- eller patentrett viss ein av partane gir melding om dette. Det er tilstrekkeleg at éin av partane ønskjer ein slik merknad og leverer melding om lisens. Vi har eit eige skjema som skal brukast til dette.

Les aktuelle kundehistorier