En dame hald ein stor fisk iført hanskar fra Granberg

Granberg held konkurrentane på avstand med varemerke og designvern

Granberg AS har med innovative løysingar innanfor handvern klart å bli ein av dei leiande hanskeprodusentane i verda. For å halde konkurrentane på avstand blir produkta designverna og varemerkeregistrerte.

Granberg AS er ein leiande merkevareprodusent av hanskar til industri, næringsmiddel og helse med produksjon i fleire land – med eit verdsomspennande marknadsfokus. Firmaet blei etablert i 1961, og feirer 60 år i 2021. Hovudkontoret er på Bjoa i nærleiken av Haugesund. Konsernomsetninga til bedrifta ligg på over 400 MNOK.

– Vi utviklar produkta våre kontinuerleg for å vere best mogeleg tilpassa etterspurnaden i marknaden og dei krava kundane våre stiller.

Til sjuande og sist handlar det om å verne eit marknadsfortrinn som vi har jobba svært hardt for å oppnå.

Portrett av Ole Marthon Granberg

Ole M. Granberg

administrerande direktør

Bak produkta våre ligg det ein betydeleg innsats når det gjeld både tid og ressursar. Produktutviklingsteamet til Granberg legg stor vekt på å skape intelligente design kombinert med optimal ergonomi. 

Registrert design

Designvernet sikrar dei mot at konkurrentane deira lagar noko som liknar på produkta deira. Varemerkeregistreringa vernar namnet og omgrepsapparatet dei brukar om produkta.   

— Vi har i stor grad gjort søknadsprosessen sjølv. I første omgang er det eit kostnadsspørsmål. Vidare er det ikkje noko hokus pokus å søkje sjølv. Det ligg gode rettleiingar på internett, sier Granberg. 

Red Dot Award

I 2016 mottek dei den internasjonale designutmerkelsa Red Dot for eitt av sine produkt. 

Red Dot Award er eitt av dei mest ettertrakta kvalitetsstempla for god design internasjonalt. 

Arbeidshanske fra Granberg
Arbeidshanskane Granberg mottek den internasjonale designutmerkelsa Red Dot for i 2022.

Les mer om For bbhugme har IP vært en viktig suksessfaktor
Kvinne viser hvordan en bbhugme-graviditetspute kan benyttes som ryggstøtte.
  • Kundehistorier
  • Varemerke
  • Design
  • Internasjonalt

For bbhugme har IP vært en viktig suksessfaktor

bbhugme selger gravideputer og ammeputer internasjonalt. Rettigheter har vært en del av forretningsstrategien helt fra starten.

Publisert 20. september 2024

Les mer om Ask gård: Med gjennomtenkt design, egen font og registrerte rettigheter som suksessfaktorer
Mat fra Ask gård.
  • Kundehistorier
  • Design
  • Varemerke

Ask gård: Med gjennomtenkt design, egen font og registrerte rettigheter som suksessfaktorer

Kristoffer og Anne Marte ønsker å utvikle norsk spekemat til en internasjonal merkevare. I tillegg til god kvalitet, legger de stor vekt på det visuelle. En designregistrert font, bevisst fargebruk og historien om den fyrrige chorizoen "PABLO" er noen av ingrediensene i deres merkevarestrategi.

Publisert 16. oktober 2023