sykkelbil på b\vei med snø i bakgrunnen

Podbike vurderer heile tida kva dei bør patentere når dei utvikler sine produkt

«Vi vurderer heile tida om våre løysingar kan patenterast og gjer søk på gjeldande patenter. Heldigvis opererer vi i eit fagfelt med få aktørar og kor vi er bland dei framste på teknologiutviklinga.»

Selskapet Podbike blei etablert i 2016 av Per Hassel Sørensen og Anne-Lise Heggland. Firmaet held til på Gausel midt mellom Stavanger og Sandnes, og har eit lite, men dyktig team av erfarne ingeniørar, kreative entusiastar og forretningsorienterte personar.

Om produktet

Podbike AS ønskjer å bidra til ein berekraftig kvardag og verd ved å tilby det mest miljøvennlege og energieffektive alternativet for dagleg pendling og korte transportetappar. Dei har utvikla ein elsykkel med fire hjul og fullt vern mot veret med plass til éin vaksen og eit barn. Løysinga er basert på ei patentert og designverna personleg transportplattform der selskapet har fullt eigarskap til all hardware og software.

«For å få til eit praktisk køyretøy har vi vore nøydde til å konstruere hovudkomponentane sjølv. Vi fokuserer på å levere eit praktisk produkt som er verkeleg gøy å bruke. Det er berekraftig og skal produserast med minimalt karbonavtrykk og utstrekt bruk av gjenbrukbare materiale», seier gründerane.

Patenter, varemerke- og designvern

Podbike eig ein sterk portefølje av patent, designregistreringar og varemerke som vernar verksemd og merkevare. Tekniske detaljar som dei reknar som vanskelege å behalde som forretningsløyndom, er vald for patentering. Patentering av unike løysingar blir vurdert kontinuerleg i forhold til kost/nytte. Nokre løysingar som blir for vanskelege eller kostbare å patentere, vel dei ofte å publisere. På den måten hindrar dei at andre patenterer noko tilsvarande. Andre delar av teknologien har dei halde hemmeleg. Det er primært teknologi som er vanskeleg og kostbar å ekstrahere via «reverse engineering». I tida før utstillingar og konferansar er det travelt, for då må dei avgjere om dei skal patentere eller publisere. Er dei usikre, lèt dei vere å vise dette fram, og held det hemmeleg inntil dei har teke ei avgjerd.

– Vi vurderer heile tida om våre løysingar kan patenterast og gjer søk på gjeldande patenter. Heldigvis opererer vi i eit fagfelt med få aktørar og kor vi er bland dei framste på teknologiutviklinga.

Per Hassel Sørensen

Gründer Podbike

nærbilde av mann

Per Hassel Sørensen

Gründer Podbike

Sidan dei utvikler eit internasjonalt produkt, har dei søkt om og fått innvilga både ordmerket Podbike samt logoen som registrert varemerke i viktiga marknadar globalt. Det same gjeld varemerket Frikar, som forresten betyr ein fri mann, altså eit menneske med fridom. Designregistreringar er godkjende i både Noreg og EU. 

Reguleringar på området er viktig

Gründerane er oppteke av reguleringar på det området dei opererer, sidan det påverker marknadsmoglegheitene for Podbike. Defor er dei også aktivt medlem i ulike standardiseringskomitear for el-syklar/cargo-syklar og små, lette elektriske køyretøy globalt. Eksempelvis ISO (Global), IEC (Global electric) og CEN (Europe). Dette gjer selskapet moglegheit til å overvake og påverke kva for tekniske krav som etter kvart vil kome. 

Ekstern hjelp

Selskapet har nytta ekstern hjelp med IPR i tidleg fase frå IPR-rådgivarar i Innovasjon Noreg og i samband med ulike utviklingsprogram og konferansar. Sidan oppstart har dei leigt IPR-spesialistar i inn- og utland som rådgivarar og konsulentar. I tillegg har den tekniske sjefen deira Per Hassel Sørensen 30 års erfaring med utarbeiding av patentsøknader, designvern og andre formar for rettsvern.

Tankar om framtida

Podbike har som mål å bli ein leiande global produsent av lette elektriske køyretøy og tilhøyrande infrastruktur med minimal miløbelastning. Dei ser også at sykkelen er ein perfelt plattform for sjølvkøyrande køyretøy, då dei teknologiske utfordringane er relativt enkle og risikoen for ulykker minimal samanlikna med for eksempel bilar eller bussar. Dei er tidleg ute, men dei meiner at timinga er perfekt for å tilby autonomi som gjer byar betre å bu i. Målsettinga deira er at køyretøya skal erstatte mest mogleg bruk av bil på korte avstandar.

Offentleg støtte

Podbike AS har fått tilskudd og lån fra Innovasjon Noreg i etableringsfasen samt tilskudd gjennom Miljøteknologiordninga. Innovasjon Noreg i Stavanger har også vore ein viktig støttespillar i samband med søknad om midlar gjennom Horisont 2020 i EU.

I 2018 fekk selskapet støtte gjennom SME Instrument, fase 1. I oktober 2020 søkte dei EIC Accelerator (Horizon 2020) og var blant dei 4% av 4200 selskap i Europa som kom til steg 2 i evalueringa, og oppnådde Seal of Excellence-status.

Selskapet har også fått innvilga treårig Skattefunn frå Noregs Forskingsråd for åra 2018-2020.

Introducing Podbike® FRIKAR®

Relaterte artikler

Les mer om Unik snøbrettløsning ble til snøbretteventyret FJELL^
Person med snøbrett i en snøkledt fjellskråning

Unik snøbrettløsning ble til snøbretteventyret FJELL^

Kristina og Kristian har en genuin interesse for å ferdes ute i fjellene og å kjøre snøbrett. Dette har resultert i selskapet FJELL^ , som utvikler snøbrett og tilbehør. Gründerne ønsket å lage en merkevare med funksjonalitet og uttrykk i fokus. De beskytter merkevaren og den unike løsningen med patent og varemerke.

Publisert 03. mai 2024