Airthings selger radonmålere for private hjem
Foto: Airthings

Airthings verner namn og teknologi for å kunne konkurrere internasjonalt

Airthings har fleire gongar opplevt at nokon har kopiert deira produkt. Dei meiner det er vesentleg å ha ein IPR-strategi for å kunne drive langsiktig og i ein global marknad.

Airthings utviklar og sel produkt for måling og overvaking av innandørs luftkvalitet og radon. Dei er verdsleiande og sel produkta sine globalt. 90 % av salet er eksport. Dei sel til forbrukarmarknaden gjennom kanalar som Amazon, Best Buy og Elkjøp. Dei leverer også til kontorbygg, skolar og barnehagar. Hausten 2019 kom dei på Time Magazine si liste over dei 100 beste oppfinningane det året.

Vernar namnet og teknologien

For verksemda er det viktig å verne varemerket «Airthings» slik at det ikkje blir misbrukt av andre som vil inn i denne marknaden. Dei har allereie fleire eksempel på selskap som har prøvt å kopiere materiellet og varemerket deira. Ved at dei har verna varemerket, kan dei stanse slike kopiar.

Dei vernar den unike teknologien med patent. Dette er også for å verne seg mot kopiar, og for å forsvare seg mot eventuelle patent-troll og konkurrentar. Dei investerer veldig mykje i forsking og utvikling her i Noreg. Derfor er det viktig å verne desse investeringane slik at dei kan fortsetje med dei langsiktige ambisjonane sine om sterk vekst.

Dei har registrert varemerket sitt i Europa, USA, Canada, Kina og i store delar av verda. Patent har dei registrert i USA, Storbritannia, Canada og Europa. Dei brukar eit advokatbyrå i London til å hjelpe seg med patent og varemerkevern.

Offensiv IPR-strategi 

IPR-strategien går ut på å patentere alt dei meiner kan patenterast.  Dette kan vere arkitekturar, sensorteknologi og metodar. Dei patenterer ikkje algoritmar og software, men beheld dette som «trade secrets».

Har opplevt kopiering

Airthings har erfart at selskap har kopiert materiellet deira og misbrukt varemerket deira. Dei har klart å stoppe dette gjennom det registrerte varemerket. Store salskanalar som Amazon vil for eksempel stoppe å selje produkt som er i konflikt med eit registrert varemerke.

Offentleg stønad

Airthings har motteke stønad frå Forskningsrådet, Innovasjon Noreg og SkatteFUNN.

 

Les meir om Airthings

Les meir om IPR-strategi

Les om korleis andre verksemder tek vare på verdiane

Les om offentlege støtteordningar på Altinn

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: