
Gungnir: patent og varemerke gir større tyngd til vektstengene
Med det unike designa rettar selskapet seg mot ein verdsmarknad, og har no kundar i over 40 land.
Vernar i internasjonale marknader
Gungnir har fått innvilga patent i Noreg, USA, Canada, Russland, Kina, Hong Kong, Sør-Korea og Japan. Dei har søkt i alle marknader der dei ser gode kommersielle moglegheiter, for eksempel i Europa gjennom EPO, og i marknader der det er vanleg å produsere treningsutstyr, eksempelvis India og Kina.
Dei har registrert varemerket GUNGNIR i Noreg, EU, Storbritannia, USA og Australia.
— Formålet med å skaffe patent i desse marknadene og landa er todelt. Aller fyrst ønskjer vi kommersiell einerett på løysinga vi har designa i nøkkelmarknader, men det er også viktig å hindre potensiell produksjon av kopiar i land der dette er sannsynleg, seier dagleg leiar Kristian Kjelstad.
Selskapet har fått hjelp frå patentkontor til arbeidet med søknader og oppfølging av rettar. Tidlegare har dei brukt det svenske selskapet Valea, og før det Leogriff, som no er Dehns. I dag brukar dei Bryn Aarflot til å hjelpe seg med dette.
Offentlege stønadordningar
Gungnir mottok stønad frå FORNY StudENT-programmet til Forskingsrådet i 2019. Midlane gjekk til patentering og utvikling av produktet. Dei understrekar at stønaden var spesielt viktig for at dei skulle kunne bevare momentet dei hadde, inkludert å levere norsk patentsøknad.

Gungnirs Allrounder - 20 kg olympisk vektstong vann den prestisjetunge Red Dot Award 2021 for framifrå produktdesign. Foto: Gungnir of Norway
Råd til andre verksemder i oppstartsfasen
Gründerane deler gjerne nokre tips til andre som står i startgropa:
- Vent med å starte utviklinga eller salet av noko før du faktisk har funne ut om det finst ein marknad og brukarar av idéen din.
- Gjer ei grundig vurdering av om patentvern er det rette for selskapet ditt strategien, din og produktet ditt. Patent er ikkje alltid nødvendig for å differensiere seg i ein marknad.
- Legg opp ei langsiktig og kortsiktig retning. Den langsiktige kan vere fluffy og ambisiøs, og så jobbar ein meir kortsiktig og konkret mot mål undervegs.