John Arne Breivik og Esben Beck. Foto: Stingray
Dagleg leiar John Arne Breivik (t.v.) og oppfinnaren Esben Beck er gründerane bak bedrifta Stingray Marine Solutions. Foto: Stingray

Stingray tek viktige grep for å hindre at nokon røper eller stel ideane deira

Det enklaste er ofte det vakraste og mest effektive. Gründerane bak Stingray har allereie skapt havbruksteknologi i verdsklasse med eit enkelt og breispektra patent.

Tekst: Atle Abelsen 2015. Oppdatert av Patentstyret.

«Å uskadeleggjere ein ekstern fiskeparasitt med lysfoton». Så enkel er ordlyden i patentet bak den teknologiske nyvinninga som er utvikla av bedrifta Stingray Marine Solutions. Den nedsøkkbare laseren skyt ut pulsar som drep lakselus utan at han skadar fisken som svømmer forbi. Sidan det første kommersielle salet hausten 2014, har selskapet produsert og levert rundt 3000 einingar til norske oppdrettsanlegg. Den finst i 170 merder i Noreg og har skote ut over 1 milliard laserstrålar tilsaman.

— Men marknaden er mykje større enn dette, seier dagleg leiar og medgründer John Arne Breivik. – I 2017 og 2018 hadde norske oppdrettarar årlege kostnader på over 10 milliardar kroner knytte til behandlingstiltak og tapte inntekter på grunn av avlusing. Og den internasjonale marknaden er enda større. Om få år trur eg løysinga vår kjem til å vere dominerande innan avlusing i fiskeoppdrett.

Tel, skyt og dokumenterer

Stingray-noden, som er nemninga på produktet, er ein neddykka node festa til ei flytebøye som skal plasserast i oppdrettsmerdar. Noden inneheld blant anna maskinsyn og ein guida laser som «skyt» lakselus, og andre optiske sensorar som dokumenterer effekten. Noden opererer automatisk og kan søkkjast ned på 30 meter, og inneheld fleire instrument. Den kan telje fisken, og dokumenterer både talet på lus og kor mange treff laserkanonen har hatt. – Noko av dette har vi patentert, men det meste har vi valt å halde hemmeleg, seier Breivik.

Stingray har også utvikla ein database med eit titalls millionar bilete av lakselus frå alle nodane som er plasserte ut i merdene. Desse sender kontinuerleg bilete tilbake til databasen, som ved hjelp av sinnrike algoritmar analyserer bileta og oppdaterer alle nodane på korleis ei lakselus kan sjå ut.

— På den måten har vi utvikla eit generisk og nevralt nettverk der nodane kontinuerleg blir meir effektive. I dag er nodane i stand til å avlive langt over 10 000 lakselus i døgnet. Vi har framleis ikkje hatt eit einaste tilfelle der laseren har skadd eller stressa fisken på nokon måte - sjølv etter 1,2 milliardar pulsar, understrekar Breivik.

Næring med utfordringar

Det heile starta romjula 2009 då oppfinnaren Esben Beck tenkte litt rundt utfordringane som oppdrettsnæringa har med lakseparasittar. Fram til då hadde dei hatt ulike tilnærmingar til problemet: Dei kan drepe parasittane kjemisk eller med medikament, eller dei kan velje ei biologisk løysing med leppefisk. Men alle desse metodane har uheldige sideeffektar og er til dels svært kostbare.

Med bakgrunn frå leverandørindustrien innan subsea og offshore, utvikling av diagnoseinstrument for blodprøvar samt frå bryggerinæringa, der han blant anna hadde jobba med maskinsyn for kontroll av flasker, slo det Beck at heile lakselusproblematikken kunne ha ei optisk løysing. Han brukte heile romjula og byrjinga av januar 2010 på å tråle patentdatabasar nasjonalt og internasjonalt, men fann ingen som hadde patentert noko som baserte seg på laser eller optikk.

— Det gjekk kaldt nedover ryggen på meg då eg forsto at ingen hadde funne på dette før. Eg skjønte straks at kombinasjonen optisk maskinsyn og laserstråle kunne vere svaret på ei av dei mest alvorlege utfordringane til ei heil milliardnæring.

Kopla inn rådgivar

Beck kopla inn den tidlegare patentrådgivaren sin Per Berg i rådgivingsfirmaet Curo. Han hadde brukt Berg ved fleire tidlegare anledningar til patent innanfor elektronikk- og oljeindustrien. — Det har vore eit godt samarbeid heile vegen. Han har vore svært tolmodig med oss, og vist stor forståing for utfordringane og dei vekslande behova våre, understreker Beck.

Heller breitt patent enn familie

Patentrådgivar Per Berg i Curo fortel at han anbefalte eit breitt patent då det viste at det ikkje var patentert nokre liknande løysingar tidlegare. – Det kan av og til vere hensiktsmessig i staden for å ha eit litt snevert hovudpatent med ein heil familie av underpatent. Kvar enkelt patentprosess er kostnadskrevjande.

Esben Beck, som den gong jobba med John Arne Breivik i utviklingsbedrifta Beck Engineering, fortel at den største utfordringa med patentet var å finne ein ordlyd som var både avgrensande og dekkande nok.

— Vi ville ikkje nøye oss med lakselus, men ønskte å ha med alle typar exoparasittar, det vil seie parasittar som sit utanpå fisken. Vi ville ikkje nøye oss med laks, og vi ville seie minst mogeleg om sjølve maskina. På den tida hadde vi nettopp gått vekk frå eit design der fisken svømde gjennom ein node til designet vi har i dag der den svømmer forbi.

Per Berg meiner at Stingray har ei av dei beste patentformuleringane han har vore borti. – Det er faktisk ganske sjeldan at eit så generelt patent blir godkjent, seier han.

Dersom han skulle gi andre råd på bakgrunn av erfaringa frå Stingray, er det å vurdere alle sideordna mogelegheiter til det som på eit tidspunkt kan sjå ut som hovudalternativet. – Ein veit aldri kva hovudalternativet blir i det lange løp. Og det kan godt tenkjast at det kjem konkurrentar og utviklar eit tilsynelatande dårlegare alternativ som sidan kan vise seg å bli det beste. Men ein må også ha magemål og ikkje famne for breitt heller, seier han.

Eit breispektra patent er ofte svakare enn eit smalt og meir konkret patent. – Men i Stingray sitt tilfelle ser det ganske sikkert ut, seier han.

Fleire anslag mot patentet

Det kan også John Arne Breivik bekrefte. Han fortel at dei allereie har hatt fleire aktørar som har forsøkt seg på patentet, men alle har gitt opp etter kort tid. – Det var ein som skaut flygande insekt med laser i eit fjøs. Ein annan brukte optisk deteksjon for å luke ut parasittar på fiskefiletar. Men i begge tilfella gav advokatane opp lenge før det kom til nokon rettstvist, seier han.

Rådet hans til andre er å gå «all in» overfor patentrådgivaren, og ikkje halde noko tilbake. Og å sørgje for god «sidedekning» til det du meiner er hovudpatentet. 

Nominert til European Inventor Award

 

I mai 2019 blei Esben Beck og patentet på luselaser nominert til denne prestisjefylde prisen som blir delt ut av European Patent Office. Beck kom heilt til finalen, og endte som ein av tre finalistar i kategorien «Små og mellomstore verksemder». Det er fyrste gong ein nordmann er blant finalistane, noko som er ei internasjonal anerkjenning av norsk havbruksteknologi og norsk innovasjon.

Om bedrifta

Stingray Marine Solutions blei etablert i 2012 som dotterselskap av Beck Engineering. Alle dei fire tilsette blei flytta over i Stingray i 2013, og selskapet har no ein stab på rundt 50 personar. Dei tilsette eig nesten 54 % av aksjane, Norsk Innovasjonskapital VI 29,4 %, og resten blir eigd av ei rekkje profesjonelle investorar.

Til Stingray sine nettsider

Les meir om patentering 

Les fleire historiar frå andre verksemder

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: