Hemmeleghald og teieplikt
Patentsøknad
Ein søknad om patent blir allment tilgjengeleg først 18 månader etter den dagen søknaden er levert inn til Patentstyret. For internasjonale patentsøknadar som er vidareført i Noreg blir søknaden allment tilgjengeleg etter 18 månader frå prioritetsdagen. Meir utfyllande informasjon lenger ned på sida.
Designsøknad
I ein designsøknad er bibliografiske opplysningar og dokument som ikkje kan avsløre utsjånaden til designet allment tilgjengelege allereie frå søknadsdagen. Dokument som kan avsløre utsjånaden til designet kan derimot haldast hemmeleg i inntil seks månader frå søknadsdagen eller prioritetsdagen. Meir utfyllande informasjon lenger ned på sida.
Varemerkesøknad
Ein søknad om varemerkeregistrering er allment tilgjengeleg allereie frå den dagen søknaden er levert inn til Patentstyret. Dette betyr at einkvar kan sjå at det er søkt om registrering av eit varemerke, medrekna gjengivinga av sjølve varemerket, opplysningar om kven som er søkjar og kva for varer eller tenester det er søkt registrert for. Meir utfyllande informasjon lenger ned på sida.
Forundersøkingar
Alle forundersøkingar utførast etter lovpålagd teieplikt. Bestiller du ei forundersøking er du med andre ord sikra full konfidensialitet. Meir detaljert informasjon om forundersøkingar.
Generelt
Patentstyret har teieplikt om søknadar og dokument i saker som ikkje er allment tilgjengelege. Du kan også be om at opplysningar om forretningsløyndomar kan haldast unna offentlegheit etter bestemte reglar, og teieplikta vil gjelde viss Patentstyret kjem til at desse opplysningane kan takast unna.
Innsyn i Patentstyret sine saksdokument
Innsyn i Patentstyret sine saksdokument kan du sjølv skaffe deg ved å søkje i Patentstyret si søkjeteneste. Du kan naturlegvis også kontakte Patentstyret viss du ønskjer innsyn.
- Meir informasjon om kva for dokument søkjetenesta omfattar finn du i søkjetenesta.
- Informasjon om kopitenesta.
Munnleg kommunikasjon med Patentstyret
Av og til vil du kunne ha munnleg kontakt med Patentstyret, til dømes gjennom ein telefonsamtale eller eit møte hos oss. Patentstyret har lovbestemt teieplikt om forretningsløyndomar eller private forhold som vi blir kjende med i møte med deg.
Ellers kan det vere verdt å merke seg at Patentstyret er forplikta til å nedteikne opplysningar av verdi som vi mottek munnleg i samband med saksbehandlinga i konkrete søknadar. Om slike opplysningar er hemmelege eller ikkje, kjem an på kva slags opplysningar det er og om søknaden opplysningane knyttar seg til er allment tilgjengeleg eller ikkje.
Opplysningar om personlege forhold
Patentstyret har teieplikt om opplysningar om nokon sine personlege forhold, slik som opplysningar om enkeltpersonar si fysiske og psykiske helse, karakter og kjensleliv, religiøs eller politisk haldning, økonomisk forhold etc. Slike opplysningar vil naturlegvis ikkje vere tilgjengeleg i Patentstyret si søkjeteneste.
Patentstyret sine interne arbeidsdokument
Patentstyret sine interne arbeidsdokument i konkrete saker er i utgangspunktet ikkje allment tilgjengelege. Viss det ikkje er eit reelt og sakleg behov for å nekte innsyn vil ein likevel kunne få innsyn i slike interne dokument i kraft av meiroffentlegheitsprinsippet i offentleglova § 11.
Kva bør du tenkje på før du sender inn søknadar og brev til Patentstyret?
- Det kan ikkje haldast hemmeleg at det er søkt om varemerkevern. Heller ikkje gjengivinga av varemerket, opplysningar om kven som er søkjar eller kva for varer eller tenester det er søkt registrert for, kan krevjast hemmeleghalde.
- I ein designsøknad kan designet si utsjånad haldast hemmeleg i inntil seks månader, men bibliografiske opplysningar er allment tilgjengelege allereie frå søknadsdagen.
- Det er viktig at eit krav om unntak frå offentlegheit for opplysningar om forretningsløyndomar kjem tydeleg fram, gjerne i brevet si innleiing. Ei rein påteikning på dokumenta slik som «hemmeleg», «fortruleg», «konfidensielt» eller liknande er ikkje tilstrekkeleg. Unnateke offentlegheit må uttrykkeleg krevjast i samband med den aktuelle saka.
- Opplysningar som betyr noko for om designrett kan bli oppnådd eller for designretten sitt omfang eller varigheit, kan ikkje unntakast frå offentlegheit. Tilsvarande gjeld opplysningar som betyr noko for om eit varemerke kan registrerast eller for varemerkeretten sitt omfang. Det skal derfor i praksis ein del til for at opplysningar som betyr noko for vurderinga av søknadar om design og varemerke kan unntakast frå offentlegheita.
- Du bør unngå å sende inn sensitive personopplysningar eller opplysningar om forretningsløyndomar som ikkje betyr noko i saka. Eventuelt kan du sladde slike opplysningar før du sender inn dokumenta til Patentstyret. Dette vil redusere meirarbeid både for Patentstyret og avsendar av dokumentet.
- Enkvar kan be Patentstyret om innsyn i allment tilgjengelege saker. Dei fleste av dokumenta i desse sakene ligg også tilgjengeleg i Patentstyret si søkjeteneste.
- Viss du vurderer å søkje om både patent- og designvern, må du hugse på at kravet om nyheit er forskjellig for patent og design. For patent gjeld eit absolutt nyheitskrav. For design er nyheitskravet moderert, slik at eit design kan vere vist offentleg inntil 12 månader før søknad blir innlevert.
- Ein allment tilgjengeleg designsøknad kan vere til hinder for å få patent. Det betyr at patentsøknaden må innleverast mens produktet fortsatt er hemmeleghalden. Ein designsøknad må på si side leverast seinast 12 månader frå patentsøknaden er blitt allment tilgjengeleg.
- Ein søknad om varemerke som viser eit design eller eit patent vil vere å offentleggjere designet eller patentet. Det kan derfor vere lurt å søkje om patent- og designvern før du søkjer et slikt varemerke.
Meir utfyllande informasjon om patent-, varemerke- og designsøknadar
Søknad om patent
Patentsøknaden din og korrespondansen i saka blir allment tilgjengeleg 18 månader etter at søknaden blei innlevert, eventuelt før viss du ber om det. For internasjonale patentsøknadar som er vidareførte i Noreg, blir søknaden allment tilgjengeleg etter 18 måneder frå prioritetsdagen.
Viss du trekkjer søknaden før den blir allment tilgjengeleg blir den ikkje offentleggjord, den blir med andre ord verande hemmeleg. Viss det er spesielle grunnar, kan du også be om at spesielle forretningsløyndomar ikkje blir offentleggjorde.
For patentsøknadar som gjeld forsvarsviktige oppfinningar finnst det også særlege reglar om hemmeleghald. Det gjeld spesielle reglar for innlevering, behandling og kommunikasjon i desse søknadane. Les meir om forsvarsviktige oppfinningar.
Søknad om varemerke og spesielt om forretningsløyndomar
Varemerkesøknaden og alle dokumenta i saka er offentleg tilgjengeleg allereie frå den dagen søknaden blir levert inn til Patentstyret.
Visse opplysningar om forretningsløyndomar kan derimot unntakast frå offentlegheit etter reglane i varemerkelova § 25 andre ledd. Regelen gir Patentstyret ein skjønnsmessig rett til å ta opplysningar om forretningsløyndomar unna offentlegheita, men Patentstyret har inga plikt til å gjere dette. Du må derfor sjølv be om at opplysningar om forretningsløyndomar blir unnteke offentlegheita. Patentstyret vurderer ikkje dette av eige tiltak.
Viss du vil at Patentstyret skal hemmeleghalde bestemte opplysningar eller dokument i saka, må du varsle om dette samtidig som du sender opplysningane til oss. I tillegg må du markere tydeleg kva for opplysningar i dokumentet som du ønskjer unnteke. Vi vil deretter gjere ei vurdering av om opplysningane kan unntakast offentlegheita eller ikkje.
Opplysningane som blir kravde unnteke frå offentlegheit blir førebels skjerma inntil kravet er endeleg avgjort. Du kan klage på eit avslag på krav om unnteke offentlegheit frå Patentstyret til Klagenemnda for industrielle rettar. Eit endeleg avslag på krav om unntak frå offentlegheit medfører at dei aktuelle opplysningane blir offentleggjorde.
Det er viktig å merke seg at det ikkje er avgjarande kva du sjølv meiner er forretningsløyndomar. Det er nemleg slik at ikkje alle opplysningar reknast som forretningsløyndomar i lova si forstand. Opplysningar som betyr noko for om eit merke kan registrerast eller for vernet sitt omfang, kan ikkje unntakast frå offentlegheita. Einkvar må kunne gjere seg kjent med slike opplysningar for å sikre seg at ein gjeldande rett ikkje blir krenka. Innsyn i slike opplysningar kan også vere nødvendig for å kunne vurdere krav om ugyldigheit eller sletting. Dette gjer at det i praksis skal ein del til for at opplysningar og dokumentasjon i varemerkesaker kan unntakast frå offentlegheit.
Det kan til dømes ikkje haldast hemmeleg at det er søkt om registrering av eit varemerke. Heller ikkje gjengivinga av varemerket, opplysningar om kven som er søkjar eller kva for varer eller tenester det er søkt registrert for, kan bli kravd hemmeleghalde. Ein kan heller ikkje unnta eit prioritetskrav frå offentlegheita. Innarbeidingsdokumentasjon som blir sendt inn for å underbyggje at eit varemerke kan registrerast, til dømes opplysningar om omsetningstal, kan som hovudregel heller ikkje unntakast frå offentlegheit.
Døme på forretningsløyndomar som kan unntakast:
- samtykkeerklæringar med referanse til ein samarbeidsavtale om eit planlagd salsframstøyt
- innarbeidingsdokumentasjon som inneheld informasjon som røpar detaljar i søkjaren sin marknadsføringsstrategi.
- Kundelister og postlister kan etter forholda også unntakast.
- Andre opplysningar om forretningsløyndomar som ikkje er relevante for vurderinga av søknaden kan normalt også unntakast.
Viss kravet om hemmeleghald er openbart ugrunna, kan opplysningane utan vidare bli gitt til den som ber om innsyn i saka.
Det som her er sagt om unntak frå offentlegheit for opplysningar om forretningsløyndomar i varemerkesøknadar gjeld også i motsegnssaker og administrativ overprøving.
Det at opplysingar om forretningsløyndomar er unnateke frå offentlegheit er i utgangspunktet ikkje til hinder for at sakas partar eller fullmektigane deira blir gjorde kjent med opplysingane.
Søknad om design
Dokument som viser designet sin utsjånad (bilde av designet) blir automatisk heldt hemmeleg i inntil seks månader, med mindre søkjar ber om at heile søknaden skal vere allment tilgjengeleg allereie ved innlevering. Dokument som viser designet sin utsjånad blir også allment tilgjengeleg når designet blir registrert, også der kor dette skjer innan dei første seks månadane etter søknadsinnleveringa. Det er derimot mogleg å utsetje registreringa i opptil seks månader frå søknadsdatoen eller prioritetsdatoen, eller å oppgi ein bestemt dato innanfor dette tidsrommet. Viss registreringa ikkje har skjedd innan seks månader reikna frå søknadsdagen eller prioritetsdagen, vil søknaden automatisk bli allment tilgjengeleg.
Det er viktig å vere klar over at sjølv om designet sin utsjånad kan haldast hemmeleg i inntil seks månader, er bibliografiske opplysningar allment tilgjengelege allereie frå søknadsdagen. Dette gjeld til dømes informasjon om søkjer og designer sitt namn og adresse, samt produktforklaringa. Det er kun dokument som kan avsløre designet sin utsjånad som blir heldt hemmeleg.
Opplysningar om forretningsløyndomar kan unntakast frå offentlegheita viss søkjar krev det. Du må varsle om dette samtidig som du sender inn dokumenta. Korvidt dokumenta kan hemmeleghaldast blir avgjort etter designlova § 21 fjerde ledd.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med kundesenteret, tlf 22 38 73 33.