Patentering av legemiddel
Framgangsmåter for behandling ved kirurgi, terapi eller diagnostisering som blir utført på levande menneske eller dyr er unnatatt frå patentering. Unntaket omfattar ikkje produkt, forbindingar eller samansetningar til bruk i slike framgangsmåter.
Patent gir einerett til å nytte oppfinninga i eit begrensa tidsrom (maksimum 20 år). Det bidrar til å gjere resultat kjende i fagmiljøet og er på den måten med på å bidra til vidare forskning på nye legemiddel og innovasjon innan området.
På grunn av dei store investeringskostnadane er det viktig for legemiddelbransjen at dei har moglegheit til å oppnå industrielt rettsvern for dei produkta som kjem ut på marknaden.
Den «effektive» patenttida for legemiddel er ofte vesentleg kortare enn for andre patenterte oppfinningar fordi legemiddel må gjennom ei omfattande utprøving før dei får marknadsføringsløyve og kan omsettast. Det er derfor innført ei moglegheit for å søkje om forlenga vernetid for legemiddel med inntil fem (5) år. Dette kallast Supplementary Protection Certificate, SPC.
Meir informasjon om SPC
Lenkje til søknadsskjema for SPC