
Lyd-, bevegelse-, multimedia- og hologrammerke
Teknologiutviklinga og digitaliseringa av samfunnet har endra måten kundar og bedrifter samhandlar – og stadig oftare møter bedrifter kundane sine via digitale flater. Éin konsekvens av dette er at det blir stadig meir aktuelt for bedriftene å nytte lyd-, video- og animasjonselement for å utvikle merkevarene sine og promotere varene og tenestene sine. For eksempel vil nok mange kjenne igjen video- og lydsekvensen som blir spela i starten av ein episode på Netflix eller HBO – kanskje til og med berre ved å høyre lyden. Desse sekvensane kan faktisk bli verna som varemerke.
Etter ei lovendring som kom i kraft 1. mars 2023, har det blitt enklare å registrere denne typen utradisjonelle merke, som lydmerke, bevegelsesmerke, multimediamerke og hologrammerke. Grunnen til at dette no er enklare, er at det tidlegare var eit krav om at varemerke måtte « kunne gjengjevast grafisk» for å få vern – det vil seie gjennom tekst eller bilete. No er det likevel mogeleg å få vern for slike merke ved bruk av for eksempel ei lydfil, videofil eller audiovisuell fil.
Under forklarer vi korleis du kan søkje om varemerkeregistrering av lydmerke, bevegelsesmerke, multimediamerke og hologrammerke.
Lydmerke
Eit lydmerke er eit varemerke som består berre av lyd. Lydmerke kan i prinsippet bestå av alle tenkjelege tonar, lydar og ord, eller ein kombinasjon av desse. Det kan for eksempel vere instrument som spelast, elektroniske lyder, song, snakking, plystring eller lydar frå dyreriket. Eit typisk eksempel på lydmerke er såkalla «jingles», som er korte, fengjande melodisnuttar som forbrukarane skal kjenne igjen og knytt til eit produkt eller ei teneste.
Korleis søkje eit lydmerke?
- Merket må bestå berre av ein lyd eller kombinasjon av lydar.
- Merket skal meldast som «lydmerke» i søknadsskjemaet.
Merket skal gjevas att som ei lydfil, eller alternativt ved ei nøyaktig gjengiving i eit notesystem.
Bevegelsesmerke
Eit bevegelsesmerke er eit merke som består av eller omfattar ei rørsle eller ei endring i plasseringa av elementa til varemerket. Dette kan for eksempel vere eit merke gjeldande av logo som flytter seg, som skiftar farge, eller kor nye element blir introduserte over tid.
Ettersom vi blir stadig introduserte for varemerke på digitale måtar, som mogeleggjer bruk av bevegelsesmerke, har fleire aktørar begynt å ta i bruk slike merke.
Korleis søkje eit bevegelsesmerke?
- Merket må bestå av eller omfatte ei rørsle eller ei endring i plasseringa av elementa til varemerket.
- Merket skal meldast som «bevegelsesmerke» i søknadsskjemaet*.
- Merket skal gjevast att ved eit videoklipp. Alternativt kan du sende inn nummererte stillbilete som viser rørsla eller endringa av plasseringa.
Muiltimediamerke
Eit multimediamerke er eit varemerke som består av eller blir danna av ein kombinasjon av bilete og lyd. Dei visuelle elementa i merka kan både vere tekstelement og figurelement, og dei kan vere med eller utan rørsle.
Sjå for eksempel for deg at du er på kino, og rett før filmen begynner kjem det ein sekvens som består av både video/animasjon, tekstelement og lyd, som fortel deg kva filmstudio som står bak filmen du straks skal sjå. Dette er eit klassisk eksempel på eit multimediamerke. Det er likevel ikkje berre innan filmbransjen slike merke blir brukte, og fleire og fleire aktørar i alle bransjar har begynt å bruke slike merke i samanheng med marknadsføringa av varene sine.
Korleis søkje eit multimediamerke?
- Merket må bestå av eller bli danna av ein kombinasjon av bilete og lyd.
- Merket skal meldast som «multimediamerke» i søknadsskjemaet*.
- Merket skal gjevast att som ei audiovisuell fil som viser kombinasjonen av bilete og lyd.
Hologrammerke
Hologram er ein tredimensjonale bilete, som blir danna av ei form for lysgjennomstraum. Fleire aktørar har begynt å ta i bruk hologramteknologi for å skilje seg ut blant aktørar og vinne merksemda til kundane, blant anna ved å skape hologram av produkta til sals, av reklameplakatar, og liknande.
Korleis søkje eit hologrammerke?
- Merket må bestå av element av holografisk art.
- Merket skal meldast som «hologrammerke» i søknadsskjemaet.
- Merket skal gjevast att ved ei videofil eller ei grafisk eller fotografisk gjengiving med dei synsvinklane som er nødvendige for i tilstrekkeleg grad å vise hologrammet i sitt heile.
Hugs at som for dei meir tradisjonelle varemerketypane, må også lyd-, rørsle-, multimedie- og hologrammerke oppfylle dei vanlege krava til registrering, som at merket må ha særpreg, og ikkje vere forvekselbart med eldre registrerte merke.
*Patentstyret har førebels ikkje har fått på plass ein eigen merkekategori for bevegelses- og multimediamerke. Dette inneber at du inntil vidare framleis må velje «Annet merke» i søknadsskjema i Altinn, og melde merketypen i fritekstfeltet når ein søkjer slike merke.
Spørsmål om utradisjonelle varemerke kan du rette til:
- Preben Valklev Vikøyr, e-postadresse pvv@patentstyret.no
- Magnus Haugo, e-postadresse mho@patentstyret.no