Elektronisk signatur på dokument til Patentstyret

Patentstyret godtek berre elektronisk signatur frå Altinn. Vi godtek også handskriven signatur. Her finn du meir informasjon om dette.

Kva dokument må du signere?

Regelverket stiller i nokre tilfelle krav om at visse dokument skal signerast. Det gjeld til dømes når du skal:

  • søkje om, endre eller slette industrielle rettar
  • sende inn innvendingar og administrative overprøvingar
  • gi fullmakt som gir ein annan rett til å handle på dine vegner

Kva krav gjeld for handskrivne signaturar?

Patentstyret godtek:

  • ein handskriven signatur på eit papirdokument
  • ein elektronisk kopi eller ei innskanning av eit signert papirdokumentet.

Dette gjeld òg viss du har brukt berre elektroniske hjelpemiddel for å lage eit dokument med handskriven signatur.

Papirkommunikasjon skal sidestillast med elektronisk kommunikasjon. Derfor godtek vi handskrivne signaturar sjølv om dette ikkje er så sikkert med tanke på autentisering og informasjonssikkerheit.

Vi godtek ikkje maskinskrivne namn som gyldig signatur.

Nedanfor til venstre er nokre døme på godkjende, handskrivne signaturar som er skapte ved hjelp av elektronisk penn eller liknande, eller dei er kopi av ein handskriven signatur.

Til høgre er døme på ikkje godkjende maskinskrevne namnetrekk med bruk av ulike fontar.

Døme på godkjende og ikkje godkjende signaturar

Riktig

signaturer-handskrevne250x250

Feil

signaturer-maskinskrevne_250x250

Elektronisk signatur frå Altinn

Vi godtek elektronisk signatur laga av Altinn frå ein person som er autentisert med bruk av norsk personnummer i den nasjonale ID-en‐porten. 

Altinn er den primære internettportalen for digital dialog mellom næringsliv, privatpersonar og offentlege etatar i Noreg.

Altinn gir sikker overføring gjennom autentisering og kvittering. Dokument som blir mottekne frå Altinn automatisk og raskt importerte inn i Patentstyrets system. 

  • Du kan hake av for signering slik at dokumentet du skal sende blir påført ein elektronisk signatur. 
  • Du kan også bruke Altinn for å sende over dokument med digital reproduksjon av den handskrivne signaturen din.

 

Har du ikkje norsk ID-nummer?

Du kan òg bruke Altinn utan tilgang til innlogging via den norske ID-porten.

Kvifor skal eg signere eit dokument?

Formålet med signaturen er å knyte ein person til  dokumentet som blir signert.

Signaturkravet skal bidra til at du kan ha tillit til informasjonen i Patentstyrets register. Dette sjølv om det som hovudregel alltid er det underliggjande forhold som vil vere avgjerande i tilfelle av ein tvist.

Kva skjer viss eg signerer på feil måte?

Patentstyret fastset til kvar tid standarden for elektroniske signaturar.

Dette følgjer av regelverket; «Søknad eller dokument som leveres på annen måte enn fastsatt i første til tredje ledd, regnes ikke som levert».

Framtidige endringar

Vi arbeider med å få på plass system for å ta imot fleire elektroniske signaturar. Vi vil jamleg ta opp til vurdering kva for signaturar vi kan godta, og vil oppdatere informasjonen på nettsidene våre fortløpande.