Prioritetsdokument og stadfestingar

Du kan bestille WIPO DAS-kode, prioritetsdokument og bekrefta kopiar frå Patentstyret.

Prioritetsdokument

Eit prioritetsdokument er ein kopi av dei første dokumenta som blei leverte saman med søknaden din. Viss du søkjer i utlandet og ønskjer å krevje prioritet frå den tidlegare norske søknaden din, må du bestille ein WIPO DAS-kode eller eit prioritetsdokument frå Patentstyret.

WIPO DAS-kode

WIPO DAS er eit internasjonalt elektronisk system som tillèt sikker utveksling av prioritetsdokument og liknande dokument mellom patentverka som deltek i ordninga.

Ein WIPO DAS-kode er ein kode som gir tilgang til prioritetsdokumentet gjennom WIPO Digital Access Service (WIPO DAS).

WIPO vil automatisk sende ein tilgangskode til den e-postadressa som du oppgir ved bestilling. Hugs at du må dele denne koden patentverka i det landa du ønskjer å føre vidare prioritet i.

Du finn informasjon om korleis du kan følgje sakene dine på WIPO Digital Access Service. 

Viktig: 

Nokre land har spesielle krav som krev papirversjon: Bahrain, Dei sameinte arabiske emirata, Kuwait, Oman, Qatar, Saudi-Arabia, Iran, Kina, Japan og Russland. Det er derfor viktig at du spesifiserer i kva land du søkjer.

Viss du søkjer i eit land som ikkje er medlem av WIPO DAS, og du er registrert som Altinn-kunde hos oss, kan vi sende prioritetsdokument via Altinn. Ver merksam på at nokre land godtek anten ein digital kopiversjon eller ein kopiversjon som du sjølv har skrive ut.

I bestillingsskjemaet i Altinn kan du velje om du vil ha WIPO DAS-kode, papirversjon eller elektronisk versjon. Vi tilrår å bruke WIPO DAS-kode der det er mogleg.

 

Stadfesting

Ei stadfesting er ein bekrefta kopi av varemerke-, og designregistreringar som finst i registeret vårt.

Vi sender deg dokumentet elektronisk med stempel og underskrift av Patentstyrets direktør. 

Viss du er registrert som ein Altinn-kunde hos oss, sender vi stadfestinga via Altinn. Viss du ikkje er ein Altinn-kunde hos oss, sender vi dokumenta via e-post.

Engelsk omsetjing av klassar for varemerke og designprodukt:

Klassane for varemerke og fellesmerke, og produktopplysningar for design er på norsk. Viss du har behov for ein engelsk versjon, må du sende ei omsetjing til oss saman med bestillinga di og vi vil stadfeste at omsetjinga er rett.

For å finne dei riktige engelske varemerkeklassane, tilrår vi at du bruker produktveljaren. Dette verktøyet kan brukast til å omsetje valde termar frå norsk til engelsk og omvendt. Du vel dei aktuelle varene og tenestene i produktveljaren og trykkjer lager/oversette. Den norske teksten blir då omsett til engelsk.

Kopiteneste

Du kan bestille kopiar av søknadar, rettar og andre saksdokument.

Alternativ måte å bestille på

Du kan òg bestille ved å sende ein e-post til: post@patentstyret.no.

Du må samtidig overføre kr 300 per dokument til Patentstyrets bankkonto 8276 01 00192. Vi fakturerer ikkje dette beløpet.

Lengre behandlingstid ved bestilling via e-post 

Vi gjer merksam på at bestillingar via e-post vil få lengere behandlingstid. Vi behandlar normalt bestillingar som blir leverte via e-post innan 10 vyrkedagar. Dette fordi vi mellom anna må vente på at pengane har komme inn på Patentstyrets konto.
 

Leveringstid

Viss du bestiller via skjemaet i Altinn, vil vi normalt behandle bestilling av WIPO DAS-kode innan 1-2 vyrkedagar, og andre bestillingar innan 3-4 vyrkedagar.

Treng du engelsk tekst, vil det ta nokre dagar ekstra.

Har du spørsmål?

Kontakt kundesenteret vårt på telefon eller e-post.

Kontaktinformasjon

Organisasjonsnummer: 971 526 157
Postadresse: Patentstyret,
Postboks 4863 Nydalen,
N-0422 Oslo
Besøksadresse: Sandakerveien 64, 0484 Oslo
E-post: post@patentstyret.no
Kundesenter: +47 22 38 73 00

Telefonførespurnader: Måndag–fredag 9.00–15.45

Vi held ope alle kvardagar.

 

Om du sendar ei e-post til vår e-postadresse, vil du motta ei automatisk stadfesting om at e-posten din er registrert motteke. Mottek du ikkje ei slik stadfesting må du kontakte oss på nytt. For å vera sikker på at me får førespurnaden din, kan du nytta det digitale skjemaet vårt eller nytta Altinn.

Send oss ei melding