Erling-B-Haaland_lotus

Derfor vel norske kjendisar å verne namnet sitt

Fleire og fleire ser verdien av å verne varemerket sitt. Det gjeld òg mange norske kjendisar. Kjende namn som Karpe, Erling Braut Haaland, Johannes Høsflot Klæbo, Gabrielle, Magnus Karlsen, Astrid S og Fredrik Skavland har alle sendt inn søknader til Patentstyret.

Patentstyret fekk i 2022 inn rundt 17 700 søknader om varemerkeregistreringar. Av desse var fleire søknader frå norske kjendisar. 

Kvifor søkje varemerkeregistrering av namnet sitt?

– Grunnen til at kjendisar vel å verne namnet sitt, er for å sikre seg einerett til namnet som varemerke. Ein einerett gjer det enklare å stoppe misbruk, men det gjer det òg lettare å lisensiere ut namnet sitt til andre. Det gir med andre ord eit godt grunnlag for avtalar. Ein søknad kostar berre 2900 kroner og dersom han blir registrert, må han fornyast først etter 10 år, seier Knut Andreas Bostad, seksjonssjef i Patentstyrets design- og varemerkeavdeling.

Mange kjendisar søkjer varemerkeregistrering for klede og sko, noko som kan tyde på at fleire kanskje har ein draum om eigen kolleksjon. Ein av dei som har oppfylt denne draumen, er Pia Tjelta. Tjelta har søkt om varemerkeregistrering for mellom anna klede og sko, men også for publisering av elektroniske bøker og tidsskrift på nett, artistopptredenar og showoppsetningar.

– Eg jobbar jo både som skodespelar og klesdesignar. Dei kleda eg designar, ber mitt namn, og då er det naturleg at dette varemerket er registrert. Dette gir mellom anna tydelege rammer for retten til bruken av varemerket, seier Tjelta.

Eit utval av varemerke som kjendisar har registrert hos Patentstyret
Eit utval av varemerke som kjendisar har registrert hos Patentstyret

Erling Braut Haaland har søkt om å registrere namn, signatur og eit figurmerke i fleire klassar, mellom anna på solbriller, musikk og dataspel, klokker, ryggsekker og klede. Karpe har registrert namnet for mellom anna musikk og musikkutstyr, klede og tenester for film og musikk. Lars Monsen har registrert varemerke for mellom anna verktøy og reiskapar, skytevåpen, edle metall, lêr, møblar, tau og tekstil.

– Vi ser at mange musikarar no ser viktigheita av varemerkeregistrering då det kan liggje store inntekter i det å selje eige «merchandise». Og for nokon er det òg viktig å forhindre at andre kan importere eller selje slike produkt, seier Bostad.

God business

Det å registrere namnet sitt som varemerke har òg vore god forretning for tidlegare idrettsstjerner. Både Bjørn Dæhlie, Kari Traa, Lasse Kjus og Vegard Ulvang har tent millionar på produkt som kan knytast til idrettsgreinene deira.

Idrettshelten Johannes Høsflot Klæbo har òg sett det kommersielle potensialet i namnet sitt. Han har søkt og fått registrert sitt eige namn og JHK for mellom anna bleikjemiddel og andre middel for klesvask, polering, flekkfjerning, dusjsåper, sjampo, balsam, parfymar og eteriske oljar.

Kva krav må på plass for å få godkjent ein søknad om varemerkeregistrering? 

– Vi antek at 85 % av alle søknadene vi får inn, blir godkjent. Dersom kjendisar søkjer om å varemerkeregistrere eige namn, så det er ofte lett å få det godkjent. Feilen vi derimot ser at fleire gjer, er at dei kanskje søkjer litt seint, først etter at namnet er «misbrukt» eller nokon har registrert det som domenenamn eller føretaksnamn. Det kan fort bli kostbart å vinne namnet tilbake og få kontroll over det, seier Bostad. Han utdjupar:

– For selskap som skal ha eit produkt på marknaden eller bruke namnet i marknadsføring, så er den vanlegaste fallgruva at dei vel eit namn som beskriv produktet eller eit namn som er registrert for same varer og tenester. Då må dei ofte starte på nytt, og det krev både tid og pengar.

Krev godkjenning

Varemerkeloven seier at eit varemerke ikkje kan registrerast utan samtykke frå vedkommande rettshavar viss det inneheld noko som kan oppfattast som ein annans namn, kunstnarnamn eller portrett, med mindre det openbert blir sikta til ein for lengst avdød person.

Henrik Ibsen er til dømes godkjend som varemerke fordi det viser til ein historisk person, og vedkommande er “død for lengre tid sidan”, som varemerkeloven krev.

Er namnet særprega og du har samtykke, kan det registrerast for alle varer og tenester. Av kongelege namn har vi mellom anna Kong Haakon og dronning Sonja som registrerte varemerke for sjokoladeprodukt, og i desse tilfella har sjokoladeprodusenten innhenta godkjenning frå Slottet.

Du kan altså ikkje utan vidare registrere namnet til ein eller annan kjent person som varemerke, du må ha godkjenning først. Ditt eige namn kan du derimot registrere.

Relaterte artiklar