Ingrid Teigland Akay er managing partnar i Hadean Ventures, som investerer i selskap innanfor livsvitskap og medtek. Dei stiller krav til investeringsobjekta sine.
– Som investor i oppstartsbedrifter innan livsvitskap og medtek, så meiner vi patent er heilt avgjerande for vår interesse. Medisinske produkt krev store investeringar over lang tid for å nå marknaden, og for at desse investeringane skal kunne skape fornuftig avkastning, så må vernande rettar til produkta vere på plass. For oss vil det i nesten alle tilfelle vere patent, seier Akay.
Korleis kan bedriftene leggje til rette for eksterne investorar? Akay seier at ein omfattande forretningsplan er viktig for å tiltrekkje seg investorar. I denne planen er det mange aspekt som bør beskrivast, som teamet, utviklingsplan for produktet, kapitalbehov, tidslinjer, marknadspotensialet, konkurransesituasjon – og sjølvsagt Ip- strategi. Tipset hennar til verksemder som ønskjer å tiltrekkje seg investorar?
– Det kan vere nyttig å innleie dialog med potensielle investorar tidleg. Det tek lang tid å hente inn kapital, så ikkje vent til du nesten er tom for pengar.
– Viss du har gjort spennande vitskaplege funn, så sørg for å innleie ein patenteringsprosess tidleg. Det er viktig å ha ein god IP-strategi før essensiell informasjon hamnar i den offentlege sfæren, viss ikkje kan ein miste moglegheita til å patentere.
Ingrid Teigland Akay
DNB yter finansiering til helseindustrien der dei mellom anna finn selskap som utviklar og produserer legemiddel og medisinsk utstyr. Desse har normalt patentert produkta sine. Hovudformålet med patenteringa er å verne mot kopiering, noko som er særleg viktig når vi veit at utviklinga av til dømes nye legemiddel er svært tidkrevjande og kostbare prosessar.
Patentet gjeld normalt for 20 år. Etter at produktet er i marknaden, har ein typisk 12-15 år igjen av patentvernet. Dette har samanheng med at patenteringa av «formelen/oppbygningen» skjer lenge før produktet er klart for marknaden. Utan slikt patentvern ville det normalt ikkje vere lønnsamt å utvikle nye produkt, noko som sjølvsagt ville hatt dramatiske negative konsekvensar for pasientbehandlinga.
– Når vi finansierer desse selskapa ser vi at patenta deira og andre immaterielle rettar er deira viktigaste verdi. Det er desse rettane som dannar grunnlaget for heile omsetninga i selskapa.
Terje Straume
– Helseindustrien er ein stabilt veksande bransje på verdsbasis, og dei store selskapa har gjerne hundrevis av produkt, og dermed òg patent. Dersom éin av desse skulle miste sin verdi, har dette normalt ingen smitte-effekt på resten av produkta i porteføljen deira. Skulle selskapet få økonomiske problem som følgje av at dei til dømes må betale ei erstatning på grunn av forhold knytt til eit enkelt produkt, vil verdien av dei andre produkta deira normalt ikkje påverkast. Desse representerer dermed ein relativt likvid eigedel som kan seljast slik at selskapet får tilgang på kontantar og løyse ein mogleg likviditetskrise, seier Straume.
– Dette er ein viktig grunn til at vi innanfor helseindustrien liker immatrielle rettar, seier Straume. – Kvar enkelt av dei er lite påverka av konjunkturar og operasjonelle utfordringar i selskapa som eig dei. Og dei er relativt likvide tryggleikar.