Mann bruker nettbrett med simuleringsbasert opplæring utviklet av Attensi.

Attensi satsar globalt og har derfor verna varemerket internasjonalt

— Vi vil bli ein global aktør innanfor simuleringsbasert opplæring, og vel derfor å verne varemerket internasjonalt.

Attensi er ein leiande leverandør av simuleringsbaserte treningsprogram. Dei utvikler Attensi Technology Platform som nyttast både av kundar og partnarar for å skreddersy eigne spel og simuleringar som nyttast i opplæringsformål.  Dei har levert over 500 simuleringar til norsk og internasjonalt næringsliv dei siste 8 åra. 

Dei har varemerkeregistrert namnet Attensi i Noreg, EU og er i prosess i USA. Dei har ikkje designregistrering enno, men vurderer det fortløpande. 

Ekstern bistand 

Inntil for 5 år sia var hemmeleghald den viktigaste forma for vern for verksemda. Etter kvart som dei fikk meir merksemd i media og frå kundar og konkurrentar både nasjonalt og internasjonalt, såg dei likevel behov for å knytte til seg fagleg ekspertise som kunne rettleie dem i viktige avgjerder. Dei innleidde derfor samarbeid med Leogriff og Selmer advokatkontor. Dei bidreg med hjelp til høvesvis IP-strategi og generelle juridiske spørsmål. Dette samarbeidet gjer at Attensi tar gode avgjerder og føler seg godt tatt vare på på desse områda. 

– Attensi har ein strategi om å bli ein global aktør innan simuleringsbasert opplæring. Det var derfor viktig å ha varemerkeregistrering i dei domena vi ser for oss å operere i, slik at vi i framtida ikkje kjem i noko form for tvist - særleg når vi går inn i nye marknader. Vi har per i dag vald å ikkje søkje om noko patent. Litt avhengig av korleis marknaden utviklar seg framover, kan det hende vi revurderer dette på eit par av våre tekniske kjerneområde. 

Anne Lise Wahl, tidligere daglig leder i Attensi

Anne Lise Wahl

tidlegare dagleg leiar 

Offentleg støtte 

I dei første pra etter etableringa fikk dei god støtte frå verkemiddelapparatet, særleg frå Innovasjon Noreg og etter kvart også Noregs forskningsråd. Dei har hatt Innovasjonskontrakter med Innovasjon Noreg og deltek i fleire prosjekt og program med Forskningsrådet, både Brukerstyrt forskningsarena, BIA og Fyrtårnprosjekt (store tverrfaglege forsknings- og innovasjonsprosjekt som skal bidra til å løyse viktige samfunnsutfordringar). 

«Dette er svært viktige prosjekt for oss og bidreg til viktig forsking og utvikling av ny teknologi som vi ikkje hadde hatt finansiering til å utvikle på eiga hand. Det er særleg innan nye fagfelt som virtual reality, sensorstyring, talegjenkjenning etc. at desse verkemidla har vore kritiske for oss», seier Anne Lise Wahl. 

Les mer om Fishbuddy – appen som hjelper fritidsfiskere å finne fisken
To gutter i en båt med en stor fisk og en mobiltelefon
  • Kundehistorier
  • Patent
  • Varemerke

Fishbuddy – appen som hjelper fritidsfiskere å finne fisken

Fishbuddy er den nye generasjonen fiskeapp for fritidsfiskere. Med avanserte kart, kunstig intelligens og AR-teknologi hjelper den deg å finne fisken og gjenkjenne arten på sekunder. Teknologien som identifiserer fiskens lengde, og også art, vekt og andre data ved hjelp av AR-/AI-teknologi er er patentbeskyttet. Appen brukes av over én million fiskere i Europa.

Publisert 24. september 2025

Les mer om Piqls teknologireise fra Hollywood til Taj Mahal
Rune Bjerkestrand står ved arbeidsbenk med teknisk utstyr.
  • Kundehistorier
  • Varemerke
  • Patent
  • Forretningshemmeligheter
  • Internasjonalt

Piqls teknologireise fra Hollywood til Taj Mahal

Piql startet opp i Drammen på begynnelsen av 2000-tallet med leveranser til filmbransjen i en tid da filmer ble produsert digitalt mens kinosalene fremdeles benyttet analoge filmruller. Da digitaliseringen skjedde for fullt, måtte de se etter nye bruksområder for teknologien sin.

Publisert 26. mai 2025

Les mer om Jotun lykkes med farger i fargerike India
Malingsbokser med Jotun i produksjonslokale
  • Kundehistorier
  • Patent
  • Varemerke
  • Internasjonalt

Jotun lykkes med farger i fargerike India

Jotuns virksomhet i India startet med import av marine produkter fra deres selskap i Singapore tidlig på 2000-tallet. Jotun India Pvt Ltd ble etablert i 2006. Selskapet leverer maling innenfor alle Jotuns produktområder (Decorative, Marine, Protective og Powder).

Publisert 12. mai 2025