Zaptec er eit norskeigd selskap som vart etablert i 2012. Etableringa og teknologien deira var inspirert av olje- og gassektoren, men retninga til selskapet har endra seg over tid. Verksemda starta med eit patent innanfor trafoteknologi.
Zaptec har i dag produkt og system som er verna av eigne patent. Eit viktig patent er ein ladestasjon til elbil som kan styrast til å veksle mellom fasane i ein 3-fase elektrisk installasjon (Zaptec Pro).
– Zaptec har fleire patent som verner kjernen i dei innovative løysingane våre, og vi jobbar med å patentsøkje nye idear. Dette gjer vi for å verne ideane våre, men også for å publisere og registrere innovasjonane i tilfelle andre skulle få patentert noko tilsvarande.
Knut Braut
Område dei har verna
- Høgspenningstransformator (patent)
- Isolasjonstransformator brukt mot lading av ein elbil (patent)
- Elektrisk fasevelgjar (3-fase til 1-fase) for elbil ladestasjon (patentsøkt)
- Varemerke (Zaptec, Z)
- Designregistrering på produkt for å hindre kopiering
Ekstern bistand
Dei har brukt norske patentbyrå som sparringspartnarar og fått hjelp til utforminga og oppfølginga av søknadane. Dei har også fått finansiell støtte frå Innovasjon Noreg og Transnova i ein tidleg fase.
Vern blir stadig viktigare
Zaptec er i dag i ein marknad med aukande grad av konkurranse på produkt og tenester. Dei understreker at det er viktig for konkurransekrafta deira og suksessen vidare at produkta er unike og verna gjennom patent.
— Det er også viktig å kjenne patentsituasjonen rundt produkta godt, slik at dei kan opererere fritt og satse på produkt og teknologi som ikkje bryt med andre sine rettar.
Red Dot Award
Heimeladaren Zaptec Go er tildelt Red Dot Design Award 2022 for beste produktdesign. I 2021 tok Zaptec med seg ein Red Dot Award i kategorien merkevare- og kommunikasjonsdesign.