
Umoralske varemerke
Varemerke som strider mot «lov»
Det er svært få varemerke vi meiner strider mot «lov», og dette har derfor sjeldan blitt brukt av Patentstyret som grunnlag for å nekte registrering av eit varemerke. Det er langt vanlegare at det i anna lovgiving finst regulering av høvet til bruk av varemerke og andre kjenneteikn, som eksempelvis forbod mot reklame for alkoholhaldig drikk eller tobakksvakkvarar.
Varemerke i strid med «offentleg orden»
Nektingsgrunnlaget for merke som strider mot «offentleg orden» er også nokså sjeldan brukt. Det finst likevel nokre eksempel der dette nektingsgrunnlaget har blitt brukt i praksis. Eit eksempel er Vigeland-saka.
I 2014 søkte Oslo kommune om varemerkeregistrering av seks merke som inneheldt verk av Gustav Vigeland. Her kom Klagenemda for industrielle rettar (KFIR) til at Oslo kommune ikkje kunne bli gitt ein einerett gjennom varemerkeregistrering fordi det ville vere i strid med «offentleg orden». Grunngivinga var delvis at varemerka gjenga kunstverk som er av ein heilt spesiell kulturell verdi. I tillegg fordi den opphavsrettslege vernetida på 70 år var gått ut, og varemerkeregistrering av desse konkrete verka ville stride mot dei samfunnsmessige omsyna bak kvifor vi har ei opphavsrettsleg vernetid. Ei varemerkeregistrering ville i teorien kunne gi ein tidsuavgrensa einerett til verka. Du kan lese KFIR si avgjerd i Vigeland-saka på nettsidene deira.
Merke som strider mot «moral»
I dei få tilfella der Patentstyret brukar varemerkelova § 15 bokstav a om merke i strid mot «lov, offentleg orden og moral», er det i praksis som oftast for merke som strider mot «moral».
Når vi skal avgjere om eit merke «strider mot moral», må vi vurdere om merket krenkjer eller sårar menneske med normale oppfatningar og haldningar. Det er ikkje noko krav at ein stor del av omsetningskrinsen blir krenkt; føresegna vernar også minoritetar. At enkelte menneske med eit særleg strengt livssyn blir støtt, er likevel ikkje tilstrekkeleg grunnlag for å nekte varemerkeregistrering.
Det betyr ikkje noko for Patentstyret si vurdering at søkjaren av eit varemerke ikkje har som intensjon å støyte nokon. Vi må basere vurderinga vår på korleis det aktuelle varemerket generelt vil kunne bli oppfatta når det blir brukt for dei varene og tenestene det er søkt for, uavhengig av korleis søkjaren faktisk har tenkt til å bruke merket.
Døme på varemerke som Patentstyret har nekta
Patentstyret har nekta uttrykket «jævla homo» som varemerke. Det ble forsøkt registrert av NRK for blant anna klede og tv-produksjon. Patentstyret meinte at merket vil bli oppfatta som støtande og sterkt nedsetjande mot ei gruppe personar og at ei registrering av varemerket derfor strir mot moral. Det at søkjaren hadde gode hensikter ved varemerkesøknaden og bruken av uttrykket «jævla homo» kunne vi ikkje leggje vekt på.
Hausten 2022 kom Patentstyret til at eit merke beståande av ein patron med teksten RED ARMY var moralstridande. Den raude arméen var namnet på den sovjetiske hæren fram til 1946, og patronen kan gi assosiasjonar til krig. Grunna Russlands folkerettsstridige invasjon av Ukraina og den følgjande krigen, meiner Patentstyret at dette merket vil oppfattast som støytande og eigna til å vekkje forarging. Denne saka er (per desember 2022) berre førebels nekta, og ikkje endeleg avgjort.

Merket Kirkebrann - True Norwegian Black Candle, søkt for blant anna stearinlys, har vi også nekta registrert. Ved denne vurderinga tok vi særleg omsyn til kyrkjebrannane som har funne stad i Noreg dei siste tiåra, særleg på 90-talet. Patentstyret la til grunn at dei fleste i Noreg meiner slike handlingar er forkastelege, og på konkluderte derfor med at merket ville blir oppfatta som moralsk støytande. Det at merket var meint å vere humoristisk, kunne vi ikkje leggje avgjerande på.
Eksempler på merke Patentstyret har godtatt
Den svenske organisasjonen Ung Cancer ønskte å registrere varemerket «Fuck cancer» i 2013. Dette blei først avvist fordi vi meinte at nordmenn ville kunne bli støtt av at uttrykket inneheld det engelske banneordet «fuck». Etter at eit merke med den same merketeksten blei søkt i 2019, kom vi likevel til at merket kunne registrerast. I mellomtida hadde det kome presiseringar i rettspraksis knytt til moralstridande merke som tilsa ei slik løysing. Vi la ved vurderinga avgjerande vekt på at sjølv om merket inneheld ordet «fuck», blir det brukt i ein kontekst som forhindrar at ein vil oppfatte merket som støytande.
Vi har regustert varemerket «Pubertetscamp» for NRK. Her vurderte vi om figuren i merket «strider mot moral», men konkluderte med at den ikkje gjorde det.

Merket «COMFYPUSSY», søkt for undertøy og klede, blei ved behandling av Patentstyret vurdert som moralstridande. Grunngivinga var at ordet det vulgære PUSSY ville blir oppfatta kvinnenedsetjande, og at merket COMFYPUSSY som heile ville blir oppfatta som støytande. Saka blei klaga til Klagenemda for industrielle rettar, som kom til at merket ikkje var i strid med «moral». Klagenemda meinte at sjølv om PUSSY er eit noko vulgært ord, ville ikkje samansetjinga COMFYPUSSY blir oppfatta som støytande.
Føretaksnamnelova har ei tilsvarande føresegn
Føretaksnamnelova har ei føresegn i § 2-5 om at du ikkje kan registrere eit føretaksnamn i Føretaksregisteret som er «eigna til å vekkje forarging». Sjølv om føresegna har ein annan ordlyd enn «stridøretaksregisteret, og det er dei som utfører vurderinga.
Eit eksempel på eit føretaksnamn som det har blitt vurdert om er «eigna til å vekkje forarging», er føretaksnamnet «Fette Reint AS». Her kom Føretaksregisteret til at ordet «fette» ville blir oppfatta som kjønnsdiskriminerande, og dermed at føretaksnamnet kunne vere eigna til å vekkje forarging. Saka blei deretter klaga til Nærings- og fiskeridepartement. Departementet uttalte at det ikkje vil vere eigna vekkje forarging å bruke ordet «fette» i seg sjølv, sjølv om ordet skulle referere til det kvinnelege kjønnsorganet, men at det avgjerande vil vere om ordet blir brukt på ein kjønnsdiskriminerande eller grov måte. Det blei konkludert med at ordet «fette» ikkje blei brukt på ein kjønnsdiskriminerande eller grov måte i denne saka, og at namnet «Fette Reint AS» dermed ikkje ville vere «eigna til å vekkje forarging».
Du blir ikkje nekta bruk
Det er viktig å påpeike at Patentstyret ikkje nektar nokon å bruke eit varemerke som vi vurderer som moralstridande. Nektingsgrunnen gjeld berre for registreringa av eit varemerke. Det er likevel mange fordeler med å ha eit registrert varemerke, då dette gir innehavaren ein dokumentert einerett til å bruke merket i næringsverksemd.