Helsearbeider som legger laken på en seng
Foto: Arvid Andre Knudsen

ASAP Norway satsar internasjonalt med spesialtilpassa oppdekkingsutstyr

Gjennom mange års arbeid på ei fødeavdeling opplevde Astrid Skreosen at fødelakena på sjukehuset ikkje fungerte optimalt. Ho utvikla eit nytt produkt som skulle gje ei betre oppleving for både dei fødande og dei som jobba på fødeavdelinga. Sikring av rettar har vore viktig frå starten av.

ASAP Norway blei etablert i 2007 av gründer Astrid Skreosen. Ho jobba som hjelpepleiar ved fødeavdelinga på sjukehuset i Telemark og såg behovet for eit spesialtilpassa fødelaken som kunne verne madrassen, redusere behovet for reingjering og gje mindre avfall. Krava til eit bra produkt var mellom anna at det skulle sitje godt fast i senga, at det var sterkt, men tynt, og at det samla opp væske effektivt.

Skreosen fekk med seg fleire i utviklingsprosessen, mellom anna Sintef, Tronerud Engineering Hønefoss, Oseberg Engineering Sandefjord og Purenviro. Ho utvikla eit høgabsorberande laken med høg løftestyrke. Dette produktet bidrog til mindre søl, mindre ressursbruk og betre hygiene for dei fødande.

ASAP Norway har etter kvart utvikla neste generasjons oppdekkingsutstyr til sengepostar, bord og bårer, der det er spesielle behov i samband med søl og væske. Lakenet finst i ulike kvalitetar som dekkjer ulike behov, og alle produkta er svanemerkte. Produktutvikling og produksjon skjer ved fabrikken til ASAP i Telemark.

Internasjonal marknad

ASAP Norway har vore i marknaden sidan 2012 og har etablert eit internasjonalt nettverk av distribusjonspartnarar i Norden og Nord-Europa. Dei har utvida verksemda utover helsesektoren og sel mellom anna til gravferdsbransjen, Forsvaret og industrien. Dei jobbar no med ulike bransjar og industriar i 26 land.

Sikra rettar i dei viktigaste marknadene

Selskapet sjekka først om dei fann liknande produkt nasjonalt, noko dei ikkje gjorde. Som ein del av patentsøknaden blei det seinare undersøkt om det fanst liknande eller overlappande patent internasjonalt.

Kombinasjonen av ulike eigenskapar, oppbygging og tilverkingsmetode for produktet viste seg å vere unik og kunne dermed patenterast. Dette var viktig som del av ein langsiktig strategi for å bidra til å sikre verdiane i selskapet og gje eit visst vern i eit utval av dei viktigaste marknadene internasjonalt. Lakenet er patentert i USA, Canada og i store delar av Europa. Produksjonsteknologien har dei så langt valt å halde hemmeleg.

Firmanamnet og nokre av produktnamna er registrerte som varemerke. For ASAP Norway har det vore viktig å verne om verdien av varene og varemerket selskapet står for. Dei har opplevd at andre aktørar har brukt dei same omgrepa i konkurranse med selskapet utan sjølve å oppfylle dei same krava. Då har patentet og varemerket vore viktig.
ASAP Norway fekk hjelp av Plougman og Vingtoft til patentprosessen, og dei støttar også firmaet med administrasjon og betaling for å halde på rettane.

Støtteordningar og investorar

ASAP fekk nokre offentlege midlar i oppstartsfasen, mellom anna gjennom Ofu-prosjekt frå Innovasjon Noreg og Klosterøyafondet.

Patenta og rettane i selskapet har vore viktige for eksterne investorar for å synleggjere innovasjonshøgda og redusere risikoen ved å investere i selskapet.

Innovasjon for framtida

– Framtida stiller krav til at nye produkt skal femne fleire behov i eitt og same produkt og gjere kvardagen enklare, tryggare og meir miljøvenleg. Produktet skal også frigjere ressursar som kan brukast til andre og viktigare ting. Vi kallar det berekraftig innovasjon, og det får oss til å gløde, seier Astrid Skreosen, gründer og salssjef i ASAP Norway.

Råd til andre

– Verdien av patent og varemerke på ein idé bør vurderast i samanheng med strategien for selskapet og kva ressursar ein har til rådvelde. Sjølve søknadsprosessen har stor nytteverdi i seg sjølv. Han kvalitetssikrar at ideen er unik og har innovasjonshøgd, samtidig som han kan hjelpe selskapet med å spisse seg mot ulike marknadsområde, avsluttar Skreosen.

Les meir om ASAP Norway på nettsidene deira
Les meir om korleis andre verksemder tek vare på verdiane sine
Les meir om patentering

 

 

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: