Mann som drar bager
Foto: Db Equipment AS

Db Equipment har sikra internasjonale rettar til sine sportsvesker og bager

Db Equipment utviklar ein serie vesker, ryggsekker og bagar tilpassa sportsutøvarar. Bagane er utvikla for transport av ski, snøbrett og surfebrett, og er praktiske og plassbesparande når dei ikkje er i bruk. Gründerane av selskapet tenkte tidleg på å sikre rettar til produkta i ein global marknad.

I 2009 møttest den norske ingeniørstudenten Truls Brataas og den svensken freeski-legenden Jon Olsson medan dei surfa i landsbyen Hoddevik, Noreg. Begge var lidenskapeleg oppteke av actionsport. Dei reiste mykje, men fann ikkje gode bagasjeløysingar for å få med seg surfebretta, snøbretta og skia. Dette var eit problem dei meinte dei kunne løyse saman.

Etter mykje jobb utvikla dei ein skibag som var ulik noko verda nokon gong hadde sett. Den var lengdejusterbar, samanleggbar, lett og sterk. Dei trong eit namn til produktet. Jon spurde fansen på YouTube: "Kva skal vi kalle det nye veskeselskapet vårt?" Dei fekk mange svar, men eitt namn kom stadig opp...Douchebags. Dei visste at dei berre hadde ein sjanse til å få dette selskapet til å fungere, og måtte vere dristige og finne eit minneverdig namn. Så namnet på Truls Brataas og Jon Olssons nye veskeselskap blei bestemd – Douchebags. Seinare endra dei til Db, som eit resulat av at brandet er modna og fordi dei ville satse i USA.

Ulike rettar

Dei har ein portefølje med over 20 registreringar, fordelt på både tekniske patent, designvern og merkevareregistrering. Rettane er globale og dei har gått inn i nasjonale fasar i dei sentrale marknadene.

IPR-strategien kom tidleg på plass

Selskapet har hatt ein IPR strategi sidan starten av selskapet i 2011. Tanken har vore at det har vore viktig å få spelerom som ein liten norsk aktør i ein global marknad.

– I ettertid har det vist seg at desse investeringa har gitt stor avkastning i form av å kunne verne rettane våre òg når vi har vakse. I dag har vi ein global IPR-strategi der vi har strategisk vern i alle våre største marknader, seier Truls Brataas, gründer i selskapet.

Selskapet har fleire gonger opplevd kopiering eller at nokon har krenkt rettane deira. Dette har oftast skjedd i dei internasjonale marknadene deira, men også i Noreg av seriøse og useriøse aktørar.– Ettersom vi har vårt på plass, har vi i alle situasjonar kunne verna rettane våre, både nasjonalt og internasjonalt, seier Brataas.

Bistand frå patentkontor

Gründerane utarbeidde dei første søknadene i t samarbeid med NTNU, der dei fekk bistand gjennom nettverka deira. Etter dette har dei alltid hatt bistand gjennom eit patentkontor, og dei har samarbeidd med Acapo gjennom mange år.

I startfasen fekk dei òg noko bistand frå verkemiddelapparatet for IPR-arbeid.

Gode råd til andre verksemder
– I denne samanhengen vil eg seie at det er viktig at IPR-strategien støttar opp under selskapsstrategien. Det blir fort dyrt dersom ein ikkje har fokus på dette feltet, avsluttar Brataas.

Les meir om Db Equipment på nettsidene deira
Les meir om andre bedrifter som sikrar rettane
Les meir om kva du bør tenkje på når du satsar internasjonalt

 

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: