Ocean Sun har utviklet en løsning som består av modifiserte solcellemoduler som installeres på en fleksibel, flytende matte som demper bølger.
Foto: Ocean Sun

Ocean Sun

Ocean Sun utviklar løysingar for flytande solenergi. Ved hjelp av patentrettar kan dei inngå lisensavtalar med samarbeidspartnarar som produserer produkta og sørgjer for å få dei ut i dei store marknadene.

Ocean Sun blei etablert i 2016 av Børge Bjørneklett, Øyvind Rohn og Arnt Emil Ingulstad. Firmaet er basert på ei oppfinning gjort av Bjørneklett. Ocean Sun har vidareutvikla oppfinninga og tilbyr ei effektiv, rimeleg og haldbar løysing for flytande solenergi. Den består av modifiserte solcellemodular som blir installerte på ein fleksibel, flytande membran. 

Teknologien gjer det mogleg å ha ein lågare celletemperatur ved direkte termisk kontakt med vatnet gjennom membranen. System kan dermed byggjast med låg investeringskostnad og med det beste energiutbytet i bransjen. Alle delane i løysinga er dessutan laga av miljøvennlege materiale som gir minimalt CO2-avtrykk.

Sidan 2016 har Ocean Sun gjort omfattande undersøkingar og eksperimentering i bassenglaboratorium for å teste og vidareutvikle teknologien. Dei har også bygt testsystem for store bølgjer og tøffe sjøforhold både på Vestlandet, i Johurstredet i Singapore og Magatdammen nord på Filippinane. Testinga har gått bra, og dei satsar på å ha kraftverk for større straumproduksjon i drift frå 2020. Marknaden for flytande sol er i sterk vekst på verdsbasis, og dermed er det også stor konkurranse om å utvikle den beste teknologien.

Patenter avgjerande for samarbeidsavtalar

Ocean Sun AS har ein IPR-portefølje med fleire patent og patentsøknadar i alle dei viktigaste marknadene. Dei har også ei internasjonal designregistrering for nokre av komponentane. I tillegg har dei søkt om varemerkeregistrering av logoen.

Gründer og CEO Børge Bjørneklett har erfaring som oppfinnar, og skreiv sjølv den fyrste patentsøknaden som han seinare overførde til Ocean Sun. Sidan då har dei fått assistanse frå fullmektigkontoret Zacco til å vidareføre og utvide rettane.

Patentrettane er avgjerande for å kunne inngå nødvendige avtalar med samarbeidspartnarar som skal produsere produkta og sørgje for å få dei ut i dei store marknadene. 

Dei har så langt ikkje opplevt kopiering av teknologien. Det kan delvis vere fordi solcelleanlegga er svært synlege frå satellitt, og blir liggjande i minst 20 år. Dette aukar risikoen for dei som eventuelt kopierer. 

Lisensavtalar gir rask vekst

Ocean Sun har ikkje kapital eller ressursar til å byggje flytande solkraftverk over heile verda. For å kome raskt ut i fleire marknader, har dei lisensavtalar med EPC-selskap (Engineering, Procurement and Contracting). Dei samarbeider med desse industripartnarane om alle nødvendige komponentar i kundeprosjekta. Ocean Sun tilbyr lisensavtalar der utviklarar og uavhengige kraftprodusentar får lov til å bruke patenta deira i eigne prosjekt. På den måten kan dei realisere løysingar for den flytande solbransjen som gir mest mogleg energi til lågast moglege kostnader, såkalla levelized cost of energy (LCOE ). 

Ocean Sun produserer ikkje komponentar sjølv, men kan støtte i alle fasar av prosjekta. Dei tekniske medarbeidarane deira har kompetanse innanfor alle fasar av produktutviklingsløpet, og kundane får tilgang til ein brei portefølje av forsking, numeriske modelleringsresultat, 3D-modellar, materialspesifikasjonar og designretningslinjer. Det inkluderer ideutvikling, brukarinnsikt, produktutvikling, analyse, produkttesting, volumproduksjon, installasjon, drift og vedlikehald. 

Stønadsordningar og forskingssamarbeid

Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd støttar Ocean Sun. Selskapet samarbeider også tett med universitet og forskingsinstitutt. Børge Bjørneklett understrekar at IPR er svært viktig for eit selskap som driv med teknologiutvikling: «Langsiktige investorar i slike selskap kan miste alle verdiane dersom oppfinningar og resultat lett kan kopierast av konkurrentar. I forskingsprosjekt kor bedrifta set ut konkrete forskingsoppgåver til institutt og universitet, er det viktig at ein avtalar korleis resultata skal brukast kommersielt. Hos Forskingsrådet er dette regulert i IPN, Innovasjonsprosjekt i næringslivet».

Les meir om Ocean Sun på nettsidene deira

Les om korleis andre bedrifter tek vare på rettane

Les meir om lisensiering

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: