
Strategi for Patentstyret
Større bedrifts- og samfunnsøkonomisk lønnsemd frå immaterielle verdiar – samfunnsoppdraget vårt
Immaterielle verdiar kan utgjere inntil 90 % av verdiane i ein organisasjon. Korleis desse verdiane blir sikra og utvikla, slik at dei veks i verdi, handlar om å forvalte dei på ein klok og god måte.
Når dei immaterielle verdiane i ein organisasjon eller bedrift blir forvalta godt, aukar sannsynet for å lukkast med verdiskaping.
Samfunnsoppdraget vårt handlar derfor om å vere ein medspelar og som legg tilrette for god forvalting av dei immaterielle verdiane, slik at lønnsemd og verdiskaping aukar hos bedrifter og generelt i det norske samfunnet.
Gjer idéar til verdiar – visjonen vår
Banebrytande oppfinningar endrar kvardagen vår. Innovative behandlingar reddar liv. Ny teknologi idreg til ei berekraftig framtid. Og god design løyser store og små problem. Sikringsutstyret som vernar deg og merka du vel i butikken, og seriane du elskar å sjå på.
Alt dette er eksempel på idéar som er blitt til verdiar både for næringslivet, samfunnet, og som vi alle nyt godt av. Dette er verdiar vi må ta vare på og forvalte godt.
Vi hjelper til å gjere idéar til verdiar i bedrifter og samfunn.
Målbileta våre
Vi har tre målbilete som alle handlar om å skape verdiar. Desse tre måla gir oss retning og hjelper oss med å prioritere. Kvart år evaluerer vi korleis vi blir oppfatta av kundar, samfunn, eigarar og medarbeidarar. Denne innsikta bruker vi til å stadig utvikle og forbetre oss.
Kjerneverdiane våre styrer oss
Kjerneverdiane våre driv oss framover. Verdiane viser korleis vi skal vere. Dei pregar dei daglege arbeidt og vala vi tek. Våre verdiar er
- truverdig
- kunderetta
- engasjert
- løysingsorientert
Desse verdiane hjelper oss med å gjere visjonen levande, å fylle samfunnsoppdraget og å nå måla våre. Vi skal jamleg spørje oss sjølv, kundar og samarbeidspartnarar om vi etterlever verdiane våre.
Sentrale utviklingstrekk formar oss
Det er særleg tre utviklingstrekk som formar korleis Patentstyret skal oppfylle samfunnsoppdraget.
Auka forventningar

Vi må utvikle oss i tråd med samfunnet. Vi må fange opp behov, forstå og respondere stadig raskare. Det vi gjer i dag, er ikkje nødvendigvis godt nok i morgon. For å møte auka forventingar frå eigarar, kundar, medarbeidarar, interessentar og samfunnet, må vi utvikle oss som organisasjon og som menneske.
Digitalisering

Vi lever i ei digitaliseringsbølgje som har enorm påverknad på oss. Når omverda tek i bruk ny teknologi og utviklar nye tenester i høgt tempo, skaper det også forventingar til oss. Vi skal tilby relevante og sikre tenester som effektivt løyser problemet til kundane. For å skape meir verdi til kundar, samfunn og medarbeidarar, vil vi investere betydeleg meir i digital teneste- og kompetanseutvikling.
Eksport og grøn omstilling

Noreg er i grøn omstilling, og vi må utvikle gjeldande næringsliv og skape nye vekstnæringar, som vi kan leve av framover. Regjeringa har sett som mål å auke eksporten utanom olje og gass med 50 % innan 2030. Vi skal også redusere klimagassutsleppet med minst 55 % innan 2030. Desse måla er viktige for oss i Patentstyret. Vi skal bli opplevde som ein kompetent medspelar i det grøne skiftet.
Vi skal vere gode på å forstå behovet til næringslivet og levere tenester som hjelper norsk næringsliv med å lukkast i eksportmarknaden og med innovasjonar som gir til ei meir berekraftig utvikling.