Prisar design
Søknadsgebyr
- Søknadsgebyr: kr 1900
- Samregistreringsgebyr: kr 1300 (for kvart design utover eitt)
- Supplerande undersøking: kr 900 (for kvart design)
- Oppbevaringsgebyr for kvar innleverte modell: kr 1200
Desse gebyra sender vi faktura på.
Forny designregistreringa di
Ei designregistrering varar i fem år. Du kan fornye registreringa di for fleire fem-årsperiodar i inntil maksimalt 25 år til saman. Desse avgiftene vil ikkje bli fakturerte, men du vil motta eit varselbrev ca. 2 månader før registreringa stansar.
- Første gong fornying: kr 2900
- Andre gong fornying: kr 3500
- Tredje gong fornying: kr 4100
- Fjerde gong fornying: kr 5000
- Samregistreringsavgift for kvart design utover éin som registreringa blir fornya for: kr 1300
- Oppbevaringsavgift for kvar innleverte modell som Patentstyret oppbevarer: kr 1200
- Tilleggsavgift der fornyingsavgift blir betalt etter utløpet av registreringsperioden: kr 550
Du kan betale for fornying inntil 12 månader før forfall og inntil seks månader etter forfall, mot at du betalar ei tilleggsavgift.
Det er ikkje nødvendig å levere inn ei fullmakt.
Andre avgifter og gebyr
- Gjenopptaking av søknadsbehandlinga: kr 550
- Krav om administrativ overprøving av ei designregistrering: kr 4000
- Klargjeringsavgift for søknad til WIPO: kr 800
- Melding om overdraging/fusjon: gratis
Desse gebyra og avgiftene sender vi faktura på.
Betal i tide
Alle betalingsfristane våre er absolutte. Det betyr at vi må har motteke betalinga på kontoen vår seinast den dagen fristen går ut. Viss du betalar for seint, blir søknaden henlagt og du må betale ei gjenopptakingssavgift for at vi skal behandle den vidare.
Meir informasjon
- Meir informasjon om fornyingar
- Betalingsforskrifta (Lenkje til Lovdata)