Vern av føretaksnamn
Du registrerer eit føretaksnamn i Foretaksregisteret i Brønnøysund.
Beskrivande namn
Dersom du registrerer eit namn som direkte beskriv verksemnda til føretaket ditt, vil du kun få vern mot heilt identiske namn. For å hindre andre i å bruke namn som kan forvekslast med namnet ditt, må du velje eit særprega namn.
Særprega namn
Ønskjer du vern mot konkurrentane dine?
- Velj eit føretaksnamn som har særpreg, det vil seie eit namn som ikkje beskriv kva for bransje du er i. Då kan du hindre andre i å registrere føretaksnamn som kan forvekslast med ditt.
- Eit par døme på føretaksnamn som har særpreg er Freia AS og Ruter AS. Namnet beskriv ikkje kva for varer eller tenester det yter, det er eit oppdikta namn.
- Jo meir særprega føretaksnamnet er, jo større vern vil det ha mot andre sine føretaksnamn og varemerke.
- Sjekk rettar til andre – er varemerket ledig?
Fordelar med beskrivande namn
- Føretaksnamnet ditt kan beskrive kva for bransje du er i.
- Det er enklare for deg å reklamere for varene og tenestene dine, då kundar lettare vil sjå kva for bransje du opererer innan ved å sjå på føretaksnamnet ditt.
Ulemper med beskrivande namn
-
Du kan få problem med konkurrentar. Du kan då ikkje hindre andre i å ha liknande beskrivande namn som sine føretaksnamn. Andre kan få registrert sine føretaksnamn så lenge dei ikkje er identiske med ditt.
Døme: Har du valt eit namn som "Rørleggerservice AS" kan du ikkje hindre andre i å registrere "Rørleggerservice 1-2-3 AS" eller "Grünerløkkas Rørleggerservice AS". -
Du kan få konkurrentane sin post eller dei får din post. Sjølv om føretaket ditt er eit gyldig rettssubjekt (juridisk person) med organisasjonsnummer, og du kan sjølvsagt utan problem underteikne dokument, inngå kontraktar osv utan problem, kan det betyr i praksis at du får problem med blant anna posten din.
-
Marknadsføring: Det kan bli vanskeleg å skilje seg ut i marknaden. Eit føretaksnamn utan særpreg har mindre verdi, da du ikkje kan hindre andre å registrere føretaksnamn som er likt, men ikkje identisk. Folk som har lest reklamebrosjyra di går til ein av konkurrentane dine fordi dei blander saman desse føretaksnamna.