
Patenterbarheitsvurdering
Å søkje patent kan vere kostbart og tidkrevjande. Denne forundersøkinga gir deg i løpet av nokre dagar ei utsegn om den tekniske løysinga kan vere patenterbar eller ikkje.
Det vil lønne seg å få undersøkt moglegheita for patentering på eit tidlegast mogleg tidspunkt. Da slipp du å kaste bort tid og pengar på vidare utvikling og ein patenteringsprosess som likevel ikkje fører fram. Våre saksbehandlarar jobbar dagleg med patentsøknader. Dei er derfor godt kvalifiserte til å vurdere oppfinninga din.
Innhald og kvalitet
- Vi foretek ei nyheitsgransking for å sjekke om oppfinninga er ny samanlikna med annan kjent teknikk. Dette inkluderer offentleggjorte patent og patentsøknader på verdsbasis, og annan relevant litteratur.
- Vi vurderer oppfinningshøgda, altså om løysinga di skil seg vesentleg frå teknikk som allereie er kjend.
- Du mottek ein skriftleg rapport med funna våre, og ei vurdering av patenterbarheita. I rapporten legg vi fram granskingsresultat som kan bety noko for oppfinninga di. Denne rapporten kan du også bruke som dokumentasjon vidare, til dømes ovanfor investorar eller samarbeidspartnarar.
Her kan du sjå eit eksempel av ein slik rapport. - Du får ein saksbehandlar som har dei aktuelle tekniske fagområda som spesialfelt. De kan ha dialog før, under og etter forundersøkinga.
Kva for databasar søkjer vi i?
Våre saksbehandlarar brukar databasar og verktøy som berre nasjonale patentverk har tilgang til.
Vi søkjer i allment tilgjengeleg informasjon. Det vil blant anna seie at nasjonale og internasjonale patentsøknader som er innanfor løyndomsperioden på 18 månader ikkje kan takast med i vurderingane. Resultatet av ei forundersøking er ikkje bindande for Patentstyret ved ein senare søknad.
Sjekkliste for bestilling
Informasjon du bør ha med i bestillinga:
- Skildre den tekniske løysinga
- Skildre på kva måte du meiner di løysing skil seg frå tidlegare kjent teknikk - kva som er unikt
- Legg ved figur, teikning eller liknande viss det finst
- Oppgi faguttrykk du kjenner til, gjerne på engelsk eller anna relevant språk
- Oppgi konkurrentar eller andre som opererer innan same område
- Kva veit du er tidlegare kjent
- Har du ein artikkel som beskriv fagområdet - eventuelt namn på forskar/forfattar?
- Nettsider eller anna
Bestilling og levering
Du mottek vanlegvis forundersøkinga innan 10 vyrkedagar.
Prisen på forundersøkingar er avhengig av omfanget av oppdraget.
Sjå prisliste
Ei god forklaring av oppfinninga er viktig for at vi skal kunne gjere ei best mogleg patenterbarheitsvurdering.
- Send gjerne med teikningar, skisser, lenkjer eller liknande.
- Presenter løysinga og beskriv dei tekniske detaljane for ideen nærmare.
- Dersom det er mogleg, kan du gjerne formulere forklaringa som patentkrav.
- Om du kjenner til moglege mothald/hindringar, oppgi også dette.
Etter bestilling vil saksbehandlaren kontakte deg for å avklare oppdraget nærmare.
Du kan bestille på fleire måtar.
Bestill forundersøking
Konfidensiell behandling
Alle forundersøkingar blir utførte etter lovpålagd teieplikt. Bestiller du ei forundersøking, er du sikra full konfidensialitet.