Dialogsøk

Har du funne opp noko og er usikker på om det finst frå før? Då kan du avtale eit dialogsøk-møte med oss. I dette møtet gir vi deg grunnleggjande informasjon om patent og hjelper deg i gang med å undersøkje om ideen din er ny.

Dialogsøk er eit møte mellom to ekspertar

Du er ekspert på din eigen idé og vi er ekspertar på søk etter liknande teknologi. I møtet med ein av patentekspertane våre forklarer du ideen, og  saman søkjer de i databasane.

Kvifor er dialogsøk nyttig for deg?

Du vil få verdifull informasjon om kva som skal til for å oppnå einerett i form av patent. Du får òg vite korleis du kan finne liknande teknologi og eksisterande rettar innanfor fagområdet ditt.

Dette er viktig å kjenne til så du ikkje risikerer å krenkje andres rettar.

Innhald og kvalitet

  • Du avtaler eit møte med oss og får to timar hjelp til å navigere i patent saman med ein av teknologane våre med ekspertise innanfor databasesøk og patent. Møtet blir gjennomført digitalt eller fysisk hos oss.
  • Dialogsøket gir deg kunnskap om andre aktørar i marknaden din og innblikk i kva rettar dei har.
  • Eksperten vår forklarer komplekse omgrep og hjelper deg på vegen, og du lærer du å evaluere informasjonen du finn. Etter møtet kan du få tilsendt informasjonen som er funnen fram under dialogsøket, slik at du sjølv kan halde fram undersøkingane.

Kva kostar det?

Korleis bestiller du?

Ta kontakt med kundesenteret vårt for å få meir informasjon eller bestille ei forundersøking. Bruk telefon 22 38 73 00 eller kontaktskjemaet under.

Viss du tidlegare fått utført forundersøking og kjenner til tenestene, kan du nytte skjemaet i Altinn. Dette er ein sikker og sporbar kanal, der du får kvittering omgåande. 

Viss du ikkje har høve til å bruke Altinn, kan du sende bestillinga direkte til Patentstyret på e-post

Ver merksam på moglegheita for at sensitiv informasjon kan komme på avvegar ved bruk av e-post.