Forundersøking - før du søkjer om rettar
Tenkjar du nytt innanfor teknikk, varemerke, logo eller design, bør du sjekke om andre har rettar som kan stoppe planane dine. Ei forundersøking kan gi deg opplysningar om dette tidleg i prosessen.
Nyttig for bedrifter i ulike fasar
Forundersøkingar gir nyttig informasjon både til bedrifter i etableringsfasen og til etablerte bedrifter som jobbar med nye produkt, ny teknologi eller med vidareutvikling av eksisterande produkt og portefølje.
Informasjonen kan brukast som eit strategisk verktøy i den vidare forretningsplanlegginga.
Forundersøkingar varemerke
Har du funne eit nytt namn på firmaet, tenesta eller produktet ditt, eller jobbar du med utviklinga av merkenamn og logo for kundar? Andres rettar kan stoppe deg frå å ta i bruk det planlagde namnet.
Ei forundersøking kan svare deg på om nokon allereie har registrert eller søkt om å registrere eit liknande namn eller logo. Du kan òg få sjekka om det er mogleg å få einerett til namnet eller logoen.
Sjekkar du tidleg i prosessen, har du tid til å gjere nødvendige endringar før lansering. Då kan du òg hindre konfliktar med andre varemerkeeigarar.
Oppdrag patent
Når du utviklar eit nytt produkt eller ei ny teknisk løysing, kan det vere avgjerande å få innsikt i eksisterande patent og idear. Derfor løner det seg å gjere grundige forundersøkingar tidleg.
- Sjekk handlingsrommet ditt: Finn ut om andre allereie har einerett til liknande løysingar. Då reduserer du risikoen for dyre konfliktar eller at eksisterande patent stoppar prosjektet.
- Lær av teknologien som finst: Bruk patentlitteraturen som inspirasjon når du vidareutviklar eigne idear, og sjå kva løysingar andre alt har testa ut.
- Ikkje finn opp hjulet på nytt: Kartlegg om løysinga di faktisk er ny før du investerer mykje tid og ressursar i vidare produktutvikling.
- Få eit fortrinn i marknaden: Ei undersøking gir deg oversikt over kva konkurrentane jobbar med, og kva tekniske område som framleis er opne for innovasjon.
Forundersøkingar design
Når du jobbar med nytt design, kan det vere lurt å sjekke om andre allereie har registrert liknande produkt eller ornament. Vi tilbyr ikkje eigne forundersøkingar for design, men du kan ta kontakt med kundesenteret for råd og veiledning om korleis du kan søke i databasar og finne ut om det finst design som visuelt liknar på ditt.
Kva databasar søkjer vi i?
Søka blir utførte med profesjonell søkjemetodikk, og vi nyttar mellom anna databasar og verktøy som berre nasjonale patentverk har tilgang til. Vi søkjer i allment tilgjengeleg informasjon.
Vi har teieplikt
Vi har lovpålagd teieplikt, og du er sikra full konfidensialitet når du bestiller ei forundersøking.
Kor lang er leveringstida?
Leveringstida avheng av oppdraget. Du kan få ekspresslevering mot eit ekstra pristilegg. Du finn oversikt over normal leveringstid på sida med prisar og leveringstider.
Kva kostar det?
Forundersøkingar er ei betalt teneste. Du finn nokon prisar i prisoversikta vår, men vi vil gi eit meir konkret pristilbod når vi får ei bestilling.
Korleis bestiller du?
Ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat
Bruk bestillingsskjema i Altinn
Viss du ønskjer å bestille forundersøking direkte, tilrår vi at du brukar skjema i Altinn. Dette er ein sikker og sporbar kanal, der du får kvittering omgåande.
Kan du ikkje bruke Altinn?
Viss du ikkje har høve til å bruke Altinn, kan du sende bestillinga direkte til Patentstyret på e-post.
NB! Ver merksam på moglegheita for at sensitiv informasjon kan komme på avvegar ved bruk av e-post. Viss du bruker e-post, tilrår vi at du brukar Sikker Filutveksling for å sende filene på ein sikker måte.
Forundersøkingar varemerke: FUSVM@patentstyret.no
Forundersøkingar patent: patentoppdrag@patentstyret.no
Fant du det du lette etter?
Din tilbakemelding hjelper oss med forbedringer!