
Teknikkoversikt
Denne forundersøkinga viser deg kva for patent og patentsøknader som finst på eit bestemt teknisk område. Når du kjenner til patentaktivitetane på ditt tekniske område, har du gode føretsetnader for å ta lønsame avgjerder vidare.
Vurdering tidleg i prosessen
Det er god strategi å ha oppdatert informasjon om patentlandskapet på fagfeltet ditt. Du kan sjå kva andre har søkt eller søkjer einerett på, og om det har dukka opp nye konkurrentar i same marknad.
Når du veit kva som allereie finst, kan du også starte eiga nyskaping på eit så høgt teknisk nivå som mogleg.
Innhald og kvalitet
- Vi foretek ei gransking for å avdekke eit nærmare bestemt teknisk område. Dette inkluderer offentleggjorte patent og patentsøknader på verdsbasis, og anna relevant litteratur.
- Du mottek ein skriftleg rapport med funn og vurderingar som kan brukast som dokumentasjon eller underlag vidare i prosessen.
- Du får ein saksbehandlar som har dei aktuelle tekniske fagområda som fagfelt. De kan ha dialog før, under og etter forundersøkinga.
Kva for databasar søkjer vi i?
Våre saksbehandlarar brukar databasar og verktøy som berre nasjonale patentverk har tilgang til.
Vi søkjer i allment tilgjengeleg informasjon. Det vil blant anna seie at nasjonale og internasjonale patentsøknader som er innanfor løyndomsperioden på 18 månader ikkje kan takast med i vurderingane.
Sjekkliste for bestilling
Informasjon du bør ha med i bestillinga:
- Beskriv det tekniske området som du ønskjer kartlagt
- Sei litt om hensikta med undersøkinga, til dømes å få oversikt over patentaktivitetar, konkurrent- eller oppfinnaroversikt, få inspirasjon, finne nye utviklingsområde
- Oppgi faguttrykk eller nøkkelord du kjenner til, gjerne på engelsk eller anna relevant språk
- Oppgi gjerne aktørar som du veit opererer på det aktuelle området
- Vis gjerne til nettsider, artiklar aller anna som kan vere til hjelp for å beskrive eller avgrense søket
Bestilling og levering
Du mottek vanlegvis forundersøkinga innan 10 vyrkedagar.
Prisen på forundersøkinga er avhengig av omfanget av oppdraget.
Sjå under "Teknikkoversikt" i prislista.
Ei god skildring av kva for teknisk område som ønskast avdekka er viktig for at vi skal kunne levere ei best mogleg teknikkoversikt.
Etter bestilling vil saksbehandlaren kontakte deg for å avklare oppdraget nærmare.
Du kan bestille på fleire måtar. Les meir om bestilling.
Konfidensiell behandling
Vi utfører alle forundersøkingar etter lovpålagt teieplikt, og behandlar kjøp av denne tenesta konfidensielt.