Vel varer og tenester (klassifisering)

I varemerkesøknaden din må du velje dei varene og tenestene du ønskjer å bruke varemerket for. Dersom varemerket blir registrert, får du einerett berre for dei varene og tenestene du har valt.

Varar og tenester må plasserast i eit system som består av 45 klassar (klasse 1-34 for varer, og klasse 35-45 for tenester). Kvar enkelt klasse har ei klasseoverskrift som beskriv i hovudtrekk kva for varer og tenester som inngår i denne klassen.

Kva for varer og tenester skal eg velje?

Du bør berre velje varer og/eller tenester du brukar varemerket ditt for i dag, eller som du planlegg å bruke det for i næraste framtid.

Eksempel 1: Viss du skal ha ditt eige varemerke på vara kaffi, og også drive ein kafé med same namn, kan du setje opp dette i vareoversikta:

  • Klasse 30: Kaffe
  • Klasse 43: Kaféer

Eksempel 2: Skal du selje eigne eller andre sine varer?
Sjå på denne korte filmen for hjelp til å finne den riktige klassa.

Produktveljaren hjelper deg

Vi har laga ein produktveljar som hjelper deg å finne riktige varer og tenester innanfor bransjen din.

Produktveljaren
Produktveljaren 

 

Bruk av varemerket

Viss du ikkje brukar varemerket for alle varene og tenestene det er registrert for innan 5 år, kan nokon sende inn krav til Patentstyret om at varemerket ditt skal slettast frå varemerkeregistret for dei varene eller tenestene som varemerket ikkje er teke i bruk for.

Informasjon om klassifisering (Nice-klassifisering)

Fullstendig liste over varer og tenester (Nice-klassifikasjon), pluss kryssgranskingsliste.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Patentstyrets kundesenter, tlf 22 38 73 00

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: