Sakskostnader

For å sikre at ordninga med administrativ overprøving blir eit effektivt alternativ til domstolsbehandling, har Patentstyret fått tilgang til å tilkjenne ein part som har fått medhald i eit krav om administrativ overprøving sakskostnader frå den andre parten.

Når gjeld ordninga?

Ordninga gjeld berre ved administrativ overprøving etter varemerkeloven og patentloven. 

Ifølgje patentstyreloven kan ein part som heilt eller i det vesentlege har fått medhald tilkjennast nødvendige sakskostnader frå motparten. Dette er ein kan-regel, slik at parten som fullt ut eller i det vesentlege har fått medhald ikkje automatisk har krav på dekning av sakskostnader. Om sakskostnader skal tilkjennast, blir avgjort etter ei vurdering der det mellom anna blir lagt vekt på om det var god grunn til å få saka prøvd fordi ho var tvilsam, og om det er rimeleg ut frå typen sak og forhold hos motparten å påleggje kostnadsansvar.

Administrativ overprøving i saker som gjeld design og føretaksnamn

Sakskostnader i klagesaker på desse fagområda kan berre tilkjennast av Klagenemnda for industrielle rettar, KFIR. Det er fordi det ikkje skjer ei tidlegare prøving av alle registreringsvilkåra på desse områda, og at viktige registreringsvilkår dermed først blir vurdert når det blir kravd administrativ overprøving

Kva kostnader er omfatta av ordninga?

Det er berre nødvendige kostnader som eventuelt kan tilkjennast, det vil seie kostnader som verkar rimeleg for å vareta parten sine interesser i saka. Ved fastsetjing av kostnadsansvaret må Patentstyret og Klagenemnda tenkje på at administrativ overprøving skal vere eit enkelt og rimeleg alternativ til domstolsbehandling.

Når må du fremje kravet om dekning av sakskostnader?

Du må dette fremje kravet før saka blir avgjord fordi Patentstyret må avgjere spørsmålet om sakskostnader samtidig med realiteten i saka. Mot slutten av saksbehandlinga vil  vi sende eit eige brev til partane der vi gir ein frist for å sende inn krav om sakskostnader.

Kontakt mellom partane

Vi meiner det er rimeleg at kravstillaren tek kontakt med innehavaren med førespurnad om sletting av innehavars registrering før kravet blir levert inn til Patentstyret. Viss kravstillaren ikkje har teke slik kontakt utan noka god grunngiving for dette, vil eit krav om sakskostnader kunne verke urimeleg. Dette kan medføre at sakskostnader ikkje vil bli tilkjende.

Kostnader til dokumentasjon vedrørande manglande bruk

Patentstyret har tidlegare oppmoda kravstillarar til å dokumentere påstanden sin om manglande bruk. På bakgrunn av det som kjem fram under avsnittet "Bevisbyrde", vil slik dokumentasjon ikkje lengre vere nødvendig. Denne omlegginga av praksis medfører at kostnader knytt til innhenting av slik dokumentasjon (brukarundersøkingar med meir) ikkje vil bli oppfatta som ei rimeleg utgift som kan krevjast av motparten. Endringa vil omfatte alle slike kostnader pådrege etter 1. november 2013.

Sakskostnadsoppgåva

Oppgåva må angi detaljert kva kostnader som er påutgjorde, under dette òg talet på timar og timepris som blir lagd til grunn.

1. juli 2001 blei det innført meirverdiavgift på advokattenester. Grunnlaget for meirverdiavgifta må oppgivast der vedkommande part ikkje er registrert som meirverdiavgiftspliktig (forbrukarar). Meirverdiavgifta representerer ei tilleggsutgift som advokaten må ta med i oppgåva for at han skal kunne krevjast han dekte av motparten. For registrerte næringsdrivande som kan krevje frådrag for inngåande avgift, kan denne avgifta ikkje krevjast dekt som sakskostnad. Avgifta vil ikkje representere ei utgift og skal dermed ikkje oppgivast i oppgåva. I slike saker skal kostnadene oppgivast eks mva.

For private partar som representerer seg sjølve vil det ikkje påliggje meirverdiavgift, og mva. skal derfor ikkje førast opp.

Døme på presisering av moglege kostnader

Lista er ikkje uttømmande:

  • rådgiving og kontakt med klienten
  • arbeid knytt til moglege forhandling om samtykke/sletting
  • arbeid med utarbeiding av krav og tilsvar
  • arbeid med eventuell seinare argumentasjon
  • arbeid med framlegging av kostnadskravet
  • utlegg til avgift til Patentstyret
  • estimert tid til etterarbeid, under dette mottak og rapportering av avgjerda (vurdering av om det skal leverast inn klage til Klagenemnda fell utanfor og sest på som ei utgift i samband med klagesaka)
  • eventuelt andre kostandar

Det er viktig å påpeike at det berre er "nødvendige" kostnader som kan krevjast frå motparten.

I denne vurderinga vil det bli lagt vekt på at ordninga med administrativ overprøving er meint å vere eit enkelt og billig alternativ til domstolsbehandling. Dette medfører større krav til effektivitet og rimelegheit. Det blir derfor anteke at kostnadskrava vil liggje betrakteleg lågare. Det er opp til innsendar av kravet å vurdere om kostnadsoppgåva treng forklaring eller utdjuping.

Døme på utforming av oppgåva

SpesifikasjonTidsforbruk og timeprisKostnad
Rådgiving og kontakt med klienten1 time, timesats kr. 1 800Kr 1 800
Arbeid knytt til mogleg forhandling om samtykke /sletting  
Utarbeiding av krav /tilsvar   
Seinare korrespondanse  
Osb.   
Meirverdiavgift (viss nødvendig)  
Totalt   

Inndriving av sakskostnader

Patentstyret har ikkje ansvar for inndriving av sakskostnader. Den parten som har fått medhald i kravet sitt om dekning av sakskostnadene sine, må sjølv ta kontakt med motparten for overføring av beløpet som er tilkjent. Viss ein part ikkje innfrir kravet frivillig, kan sakskostnadene drivast inn ved tvinga etter reglane for dommar, sjå patentstyreloven § 9 siste ledd.

Klage på avgjerda

Avgjerda om tilkjenning av sakskostnader kan klagast inn til Klagenemnda for industrielle rettar.