Dekksystem med glidelås, utviklet av Retyre, montert på et sykkeldekk.

Retyre: patent gir større sikkerheit for produkt som kan vere enkle å kopiere

— Patentvern gir større sikkerheit og føreseielegheit knytt til produkt som kan vere enkle å kopiere, og redusert risiko knytt til skalering av selskapet og investeringar i produksjonskapasitet.

Retyre AS vart etablert i Trondheim i 2015, og har i dag kontor i Trondheim og Oslo og eit team på 9. Dei leverer modulære dekksystem til sykkel, rullestol og barnevogn, og har vore i marknaden i 4 år. Deira modulære dekksystem er patenterte og let brukaren enkelt feste ulike overflater på deira dekk, og på den måten tilpasse dekket til bruksbehovet. 

Rettar 

Selskapet har registrert namnet reTyre som varemerke. Produktet er verna med fleire internasjonale patent og varemerkeregistreringar.  

Retyre har sjølv utvikla produkta og stilt prototypar, tekniske teikningar og illustrasjonar tilgjengelege for sine patentfullmektigar. Dei har hatt ansvar for prosessane knytt til utforming av patent og patentkrav, praktisk gjennomføring av nasjonal og internasjonal patentering og løpande oppfølgjing av desse. Dei har også bidrege med strategiske avgjerder knytt til patentering og handheving av rettar.  

Retyre har så langt ikkje opplevt at produkta deira er blitt kopierte. Dei trur at konkurrentar har avstått frå kopiering fordi selskapet tydeleg har kommunisert at produkta er patenterte. 

— Registrerte patent er, på same måte som offentlege stønadordningar, eit viktig element for investorar. At vi har eit sterkt patentvern gir investeringscasen vår ekstra tyngd og sannsynleggjer at konkurransefordelen vår vil vere vedvarande. Det gjer også at selskapet får tydelegare exit-utvegar, seier CEO Paul Magne Amundsen . 

Retyre ser også lisensiering på bakgrunn av rettane som ein viktig strategi for framtida. 

– Retyre har valt å investere i patent- og varemerkevern på bakgrunn av produkta si unike utforming og funksjonalitet. Patentvern gir større sikkerheit og føreseielegheit knytt til produkt som kan vere enkle å kopiere, og redusert risiko knytt til skalering av selskapet og investeringar i produksjonskapasitet. Patentvernet gir også auka kommersielle moglegheiter knytt til framtidig lisensiering og partnarskap.

Paul Magne Amundsen, CEO i Retyre AS

Paul Magne Amundsen

CEO Retyre AS

Støtteordningar 

Retyre har motteke betydelege støttemiddel frå ulike nasjonale og internasjonale offentlege program. Dette inkludere Innovasjon Noreg, Forskningsrådet og Europakommisjonen (EASME). Selskapet har også motteke middel via private støtteordningar, samt gjennomført to investeringsrundar. Dette har gjort at selskapet har kunna investere i produksjonskapasitet og vern av IPR. 

Fokuset for offentlege støttemidlar har flytt seg frå teknologi til kommersialiseringspotensial, men innovasjonshøgde er framleis viktig. Det kan vere vanskeleg å vurdere innovasjonshøgda til eit produkt eller ei teneste i forhold til konkurrentar utan å ha inngåande kunnskap om både marknaden, bransjen og teknologien. Dermed er patentvern viktig for å vise at prosjektet er tilstrekkeleg unikt og nyskapande og har ein vedvarande konkurransefordel. Det er viktig for at stønaden ikkje skal vere konkurransevridande. 

Les mer om Piqls teknologireise fra Hollywood til Taj Mahal
Mann ved arbeidsbenk
  • Kundehistorier
  • Varemerke
  • Patent
  • Forretningshemmeligheter
  • Internasjonalt

Piqls teknologireise fra Hollywood til Taj Mahal

Piql startet opp i Drammen på begynnelsen av 2000-tallet med leveranser til filmbransjen i en tid da filmer ble produsert digitalt mens kinosalene fremdeles benyttet analoge filmruller. Da digitaliseringen skjedde for fullt, måtte de se etter nye bruksområder for teknologien sin.

Publisert 26. mai 2025

Les mer om Jotun lykkes med farger i fargerike India
Malingsbokser med Jotun i produksjonslokale
  • Kundehistorier
  • Patent
  • Varemerke
  • Internasjonalt

Jotun lykkes med farger i fargerike India

Jotuns virksomhet i India startet med import av marine produkter fra deres selskap i Singapore tidlig på 2000-tallet. Jotun India Pvt Ltd ble etablert i 2006. Selskapet leverer maling innenfor alle Jotuns produktområder (Decorative, Marine, Protective og Powder).

Publisert 12. mai 2025

Les mer om Saga Robotics sikrer seg med varemerke og patentering
To selvgående roboter, utviklet for landbruket av Saga Robotics, på en landvei med vinmarker i bakgrunnen.
  • Kundehistorier
  • Varemerke
  • Patent
  • Internasjonalt

Saga Robotics sikrer seg med varemerke og patentering

Roboten Thorvald er vinbondens gode hjelper. Han står ute på vinmarken både dag og natt, og passer på slik at de unngår mugg og andre sykdommen. Teknologien er patentert.

Publisert 07. april 2025