Smarte hjul fra wheel.me

wheel.me: ein IP-strategi er viktig for å få investorar

wheel.me verner produkt og løysingar med både varemerke, designregistrering og patent. De vurderer kva marknader dei vil gå inn i, og sørgjer for rett vern der.

Er det mogleg å finne opp hjulet på nytt? Det var utfordringa som gründarane av wheel.me tok i 2013. Dei ønskte å bruke «smarte hjul» til å flytte på alt på ein mykje eklare måte enn tidlegare. Deira målsetjing er å bli den valde plattforma for innandørs mobilitet. I tillegg til det fysiske hjulet, koplar dei opp sensorar som gjer hjula sjølvkjørande. I sum skapar dette fleksibilitet og innovative løysingar for smarte bygg. 

Bruksmoglegheitene er mange og dekkjer for eksempel materialhandtering i produksjon, flytting av varer for logistikk, flytting av senger og apparat på sjukehus, fleksibelt oppsett av stolar og bord i konferanselokale og flytting av veggar for enkel ommøblering i heimen eller på jobben. Løysinga blir styrt av selskapet sin eigenutvikla app eller ved hjelp av tale, og databehandlinga foregår i skyen. Eit av konkurransefortrinna er låg pris og høg fleksibilitet samanlikna med alternative løysingar.  

Har varemerke, designrettar og patent 

wheel.me verner produkta og løysingane ved både varemerke, designregistrering og patent. Dei vurderer kva marknader dei vil gå inn i, og sørgjer for vern. Dei har også brukt forundersøkingar for å finne ut kor dei har fridom til å utvikle ny teknologi.  

Dei har brukt eksterne rådgjevarar gjennom heile prosessen. Rådgjevarane varetek ogs¨å rettane i etterkant. wheel.me følgjer også sjølv med på om produkta blir kopiert gjennom samarbeidspartnarar, informasjon på nettet og andre aktivitetar. Dei produserer i Noreg, og slepp dermed kopieringsproblematikk som kan dukke opp når produksjonen skjer i utlandet. 

Eit tips til andre, er å vere bevisst på strategien knytta til IP. Tenk gjennom kva dykk ønskjer å oppnå. Dei anbefaler å ta sjansen på å patentere breitt, og ikkje vere redd for mothald. Støter dei ikkje på mothald, er patentet for snevert. Det er viktig å sørgje for fridom til å operere fritt. 

Atle Timenes viser frem hjulet til wheel.me

Se hva wheel.me tenker rundt beskyttelse av rettigheter [varighet 00:17]

Ekstern støtte

wheel.me har fått støtte frå Innovasjon Noreg og EU-systemet gjennom Horizon 2020 og Eurostarts, det siste i samarbeid med Forskningsrådet. Dei meiner at ein sterk IP-portefølje og eit bevisst forhold til IPR-strategi har vore viktig for å kome med i desse støtteprogramma. 

Relaterte artikler

Les mer om Unik snøbrettløsning ble til snøbretteventyret FJELL^
Person med snøbrett i en snøkledt fjellskråning

Unik snøbrettløsning ble til snøbretteventyret FJELL^

Kristina og Kristian har en genuin interesse for å ferdes ute i fjellene og å kjøre snøbrett. Dette har resultert i selskapet FJELL^ , som utvikler snøbrett og tilbehør. Gründerne ønsket å lage en merkevare med funksjonalitet og uttrykk i fokus. De beskytter merkevaren og den unike løsningen med patent og varemerke.

Publisert 03. mai 2024