Medisinske sprøyter

Amicoat sikrar inntektene gjennom patentering

Amicoat er eit bioteknologiselskap som leverer innovative løysingar til partnarane sine. Inntektene kjem i form av milestolpebetalingar og lisensinntekter frå produsentane. Med ein slik forretningsmodell er det avgjerande at dei vernar teknologien gjennom patent og varemerke.

Teknologi med mange bruksområde

Amicoat har utvikla ein teknologi som blant anna kan minske infeksjonsfaren i helsesektoren ved at produsentar av medisinsk teknisk utstyr kan lage produkt som blir haldne bakteriefrie under bruk. Dermed kan antibiotikabruken reduserast og bidra til mindre antibiotikaresistens.

Teknologien er basert på naturen sitt eige immunsystem, og antimikrobielle peptider er ein nøkkelkomponent. Amicoat har utvikla syntetiske peptider analoge til dei naturlege peptidene. Eigenskapane til desse gir mange bruksmoglegheiter også utanfor helsesektoren; til dømes innan vasstilførsel, luftbehandling, forsvars- og næringsmiddelindustrien.

– Forsking og immaterielle rettar er grunnmuren til Amicoat. Våre patent er ein føresetnad for vekst og inntening.

Georg Andreas Gundersen

CEO Amicoat AS

GAGundersen500x500

Georg Andreas Gundersen

CEO Amicoat AS

Vern av teknologien er avgjerande

Amicoat leverer løysingar til produsentar av ferdige produkt. Dei har fleire partnarar som ønskjer å forbetre produkta sine ved hjelp av Amicoats teknologi. Amicoat har eit aktivt forskings- og utviklingsprogram, og legg ned mykje arbeid i å kombinere teknologien sin med andre sine produkt. 

Forretningsmodellen er basert på teknologioverføring til partnarar som vil bruke deira teknologi i sine produkt. Amicoat mottek betaling for oppnådde milestolpar i forskings- og utviklingsarbeidet, og får i tillegg til lisensbetaling som ein prosentvis del av omsetninga til produktet. Med denne forretningsmodellen er det avgjerande å verne teknologien. Amicoat har derfor utvikla ein IP-strategi for å verne oppfinningane. Selskapet har både patent og varemerke, men særleg er patenta avgjerande for å sikre vekst og inntening. I tillegg til patenta på sjølve teknologien, ønskjer dei også å verne innovative metodar for å kople teknologien mot andre sine produkt.

I forhandlingar med potensielle partnarar merkar dei godt kor viktig det er å eige gode patentrettar. Dei gjer forhandlingsposisjonen sterkare, og er ofte basis for at eit samarbeid kan etablerast.

Amicoat brukar eit fast patentkontor som har god kjennskap til verksemda og teknologien, og som derfor kan utforme patentsøknaden optimalt for bedrifta, både fagleg og  forretningstenleg.

Offentleg stønad vesentleg for kommersialisering

Verksemda har motteke omfattande stønad frå Innovasjon Noreg og Noregs Forskningsråd. Denne stønaden har vore ein føresetnad for å utvikle teknologien frå eit akademisk konsept til kommersielle løysingar.

Råd til andre

Eit råd til andre bedrifter i oppstartfasen: «Dersom bedrifta di utviklar noko unikt, må det bli verande unikt! Vern oppfinningane, og søk hjelp hos Patentstyret – det er gratis!»

Relaterte artikler