Bilde av barnevogn med digitalt apparat.
Foto: Babliss

BABLISS sel babyvogge med alle rettar

Deira suksessfulle babyvogge er verna med patent, varemerke- og designregistrering for å sikre varige konkurransefordelar og gi tyngd i marknaden.

BABLISS AS blei stifta i 2015 av Ståle Flataker og held til på Mesh i Oslo.

Om produktet

Sleepytroll Baby Rocker er ei babyvogge som får babyar til å sovne raskt og ikkje minst å sove lenge. Den har innebygde lyd- og rørslesensorar som forsiktig startar å vogge babyen tilbake i søvn når dei registerer lyd eller rørsler. Produktet kan enkelt flyttast mellom barnevogner, bilstolar, babyslynger etc. Sensoren kan justerast for å tilpassast vekt og storleik på barnevogna, samt rørslesmønsteret og åtferda til barnet. Sleepytroll kan også brukast manuelt utan å kople til sensorar – då voggar den 40 minutter i eitt strekk. 

Produktet blei utvikla etter at gründeren sjølv fekk ein baby som hadde problem med å sove. Han fekk idéen på ein av sine mange trilleturar. Etter fire år med design og testing kunne produktet endeleg bli sett i produksjon, og første Sleepytroll blei solgt i februar 2019. Det er blitt ein kjempesuksess, og etter eitt år i marknaden gjekk selskapet i pluss. Gjennom nettbutikken har dei tilbudd global shipping frå starten. I dag har dei distribusjonsavtalar i Norden, Polen, Tsjekkia, Baltikum, Storbritannia og Tyrskland. 

Verna teknologi, namn og design

For Babliss AS er det viktig å verne varemerket «Sleepytroll» og teknologien ved patent. Slik kan selskapet forsvare seg mot kopiar og konkurranse. Eit sterkt patentvern gir selskapet ekstra tyngd. Den gjer det også meir sannsynleg at konkurransefordelen vil vare.

BABLISS har registrert varemerket «Sleepytroll» i Europa, USA, Canada, Kina og i store delar av verda. Dei har også designregistrert produktet både i Noreg og internasjonalt. Så langt har dei ikkje opplevt kopiering eller at nokon har krenkt rettane deira. 

Selskapet ønskjer å verne det dei kan, og tenkjer nøye gjennom kva dei deler av informasjon. Dei har brukt fullmektigkontoret Protector til å skrive søknader og til handtering av rettane, slik at dette blir gjort profesjonelt og riktig.

Planar framover

Babliss har stor vekst i etterspørselen og er no rigga for internasjonal vekst. Anne Gude-Dye er tilsett som salgsdirektør og skal hjelpe til med den internasjonale ekspansjonen.

Utviklinga av Sleepytroll og porteføljen er godt i gang. Våren 2022 lanserer dei adapter for seng, slik at Sleepytroll også kan hjelpe dei små med søvn innandørs. I tillegg planlegg dei fleire spennande utviklingar både for Sleepytroll og tilbehøyr. 

Les meir om Sleepytroll

Les meir om patentering
Les meir om designregistrering
Les meir om varemerkeregistrering
Les om korleis andre verksemder tar vare på verdiane

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: