En av Heymats matter
Foto: Ragnar Omarson, styling: Kirsten Visdal.

Heymat: nordnorsk teppesuksess vinn marknaden med verna design

Bedrifta er svært opptatt av design og ønskjer at mattene deira skal ha eit skandinavisk uttrykk. Men design er lett å kopiere. Viss dei ikkje verner det, vil andre kunne lage tilnærma like produkt.

Ekteparet Sonja Djønne og Thoralf Lian etablerte Heymat i 2016, med mål om å tilby heimemarknaden dekorative designmatter av same høge kvalitet som ei industrimatte.

Heymat leverer matter med høg kvalitet i norsk design. Mattene er laga av resirkulerte materiale og er spesielt tilpassa inngangsparti og entrear i private heimar. 

Skandinavisk uttrykk er signaturen deira, og dei brukar Noregs framste designarar til å hjelpe seg med å utvikle designet. Mattene er automatisk beskytta gjennom Åndsverklova, men eigarane tenkjer at designvern gir eit enda betre vern om nokon forsøker å kopiere dei.

Forutan i den norske marknaden, sel Heymat også mattene sine i Sverige, Tyskland, Sveits, Island, Canada og Japan. Dei har eigen nettbutikk og leverer til heile Europa.

Klar IPR-strategi

Heymat har ein klar IPR-strategi, og verner design dei meiner bør vernast i landa der dei sel eller ønskjer å selje produkta. Dei har også registrert namnet sitt og logoen som varemerke.

I starten søkte dei sjølv om rettar. Etter kvart såg dei at arbeidet vart for komplisert. No har det knytt til seg eit advokatkontor som er spesialistar på dette. Det kostar ein del, men dette er spesialistkompetanse som dei ikkje har sjølv, og dei vel derfor å gjere det slik.

Dei har opplevt at det er kome produkt på marknaden som er «sterkt inspirerte» av deira produkt, men ingen som er reine kopiar.

Utmerkingar

Heymat vann i mai 2021 den internasjonale bransjeprisen NYCxDESIGN AWARDS i New York, designverden sitt svar på Oscar, i kategorien «Residential flooring». Dei har tidlegare vore nominert i denne konkurransen. Dei har også fått DOGA-merket for design og arkitektur, og vunne German Design Award ved to anledningar.

Les meir om Heymat

Sjå gratiswebinaret «Kunsten å beskytte design» med blant anna Heymat

Les om korleis andre verksemder tar vare på rettane 

Les meir om designregistrering

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: