
U-GO: verdas første hjelpebøyle er sikra med designregistrering
For 9 år sidan følgde Marianne Hebnes med på ukjend reality-serien Ingen grenser med Lars Monsen. Serien handla om ei gruppe menneske med forskjellige type funksjonsnedsetjingar som utfordra seg sjølv til å klatre opp på fjelltoppar. Ho blei så inspirert at ho drista seg til å ta kontakt med ein av deltakarane. Bjarte, som er sterkt svaksynt og døv, hadde ein drøm om å klatre opp på Preikestolen før han mister synet helt. Ho lovde seg sjølv å hjelpe han med dette, men hadde ingen verktøy for følging.
Prototype laga med 3D-skrivar
Marianne hadde erfaring som turhjelpar, og brukte vanlegvis ein stålkrok frå Biltema surra inn i handkle og tråd. Ho har tidlegare drive selskapet Vizo der ho har kursa andre i produktdesign og bruk av 3D-skrivar. Dermed blei det helt naturleg å teste ut ei betre løysing. «Den fyrste prototypen laga eg med hjelp av 3D-skrivar, og allereie same dag var vi ute og testa den», forteljaren Marianne. Turen til Preikestolen gav dei mykje læring. Bjarte gjekk på ein heilt annan måte, kjende seg trygg og opplevde meistringskjensle.
Kort tid etter samla Marianne ei fokusgruppe som fekk testa den fyrste prototypen. Ho pakka kofferten full med prototypar av det som den gongen heit "U", og drog til Bergen for å teste ut idéen sin.
Marianne stifta selskapet U-GO i februar 2019. Ho valde å ha produksjonen lokalt i Stavanger. Det var eit medvite val på grunn av miljøet. Det blir for langt å dra til Kina for å sjekke kva som skjer.
Rettar viktig for å sikre verdiane
Marianne seier at ho som produktutviklar og gründer har fått eit anna forhold til produkt og marknad. Tidlegare var ho ikkje særleg medviten på tinga ho som forbrukar kjøpte. «Å kjøpe noko til lågast mogeleg pris, er noko alle kan kjenne seg igjen i. I kjølvatnet av desse følgjer gjerne ei billigare løysing, altså ein kopi av originalen. Eg har for eksempel kjøpt nokre designstolar som eg fann til under halv pris hos ein annan leverandør; skurken, copy-caten eller kopinissen som vi gründerar kallar dei. Det ville eg ALDRI gjort i dag,» seier ho.
U-GO er designverna i Noreg, og dei har byrja på ein søknad om registrert EU-design. U - GO er også registrert varemerke i Noreg, og ein søknad om varemerkeregistrering er under behandling i EU. Selskapet har fått hjelp til varemerkesøknaden frå eit advokatfirma i Oslo som spesialiserer seg på IPR.
Italiensk selskap klaga på varemerkeregistreringa
Etter registreringa av varemerket fekk selskapet ei melding frå eit selskap i Italia som meinte at U-GO kjem i konflikt med varemerket deira fordi det er registrert i same vareklasser. Dei fekk ein frist frå EUIPO for å kome til semje med det italienske selskapet. Advokaten deira bad dei avgrense varemerkesøknaden med to vareklasser. Hebnes meiner dette ville gi meirkostnader, og har valt å ta saka vidare på eiga hand. Ho synest det burde vore lovpålagt for alle nye produktutviklarar å ta eit kurs i IPR. Då ville sikkert mange greitt å ta seg av slike prosessar sjølv. Etter å ha vore i dialog med fleire advokatar og rådgivarar, opplever ho at det ikkje alltid er opplagt korleis ulike utfordringar skal løysast. Ekspertane baserer mange avgjerder på skjøn.
Fleire vil kopiere
Ho har møtt på fleire som seier at produktet er like enkelt som det er genialt. Det er ein positiv, men også utfordrande feedback. U-GO er den fyrste hjelpebøyla i verda, og selskapet er medvitne på å bruke ordlyden «verdas fyrste». «Det er på sin plass at vi skal vere marknadsleiande når kopinissane kjem for å tene på andre si oppfinning. Framtidige konkurrentar vil kanskje kunne ha ein hjelpebøyle, men dei kjem aldri til å ha det som er unikt med U-GO, nemleg historia.»
Folk kjem med utviklingsider og vil selje desse til henne, eller vil lage «betre etterlikningar». «Utfordringa med å eit «enkelt og genialt» produkt, er at det er lett å kopiere. Derfor har eg vore offensiv frå starten med å etablere ein strategi som skal gi oss ein sterk posisjon i marknaden», seier Hebnes.
Internasjonale planar
Hebnes har høge ambisjonar og har tenkt internasjonalt frå dag éin. No er ho i prosess med å finne samarbeidsaktørar, distribusjonspartnerar og ambassadørar for U-GO. Ho har også fokus på å byggje bedrifta for framtida med fleire tilsette. I dag har ho eit rådgivande styre beståande av fagpersonar og kreative hjelparar. «Mitt framtidige drøymeteam består av dagleg leiar, produktutviklar, marknadsleiar, rekneskapsførar og ... ein IPR-spesialist hadde vore fint!»
Tips til andre
Ho oppmodar til å utveksle erfaringar med andre gründerar som har vore eller er i same situasjon. Det er inga skam å be om råd eller hjelp frå andre, det gjer ho heile tida. «Når eg står i ei problemstilling, samlar eg inn input frå utvalde hald, og sit igjen med verdifulle innspel frå folk som har vore i same situasjon eller som jobbar med IPR i det daglege. Eg har samla hjelp og innspel frå advokatar, produktutviklarar og frå Patentstyret. Til slutt koplar eg kunnskap med erfaring, og lèt alltid magekjensla spille inn. Den er kanskje det viktigaste parameteret du har som gründer», seier Hebnes.
Les meir om varemerkeregistrering
Les meir om designregistrering