Namn som varemerke

Det svenske patentverket (PRV) fekk for nokre år sia ei rekkje søkna der om å registrere Nicolas Paul Gustaf som varemerke. Det var namnet på den svenske prinsen som vart fødd litt tidlegare. Tilsvarande har skjedd kvar gong nye kongelege namn er blitt offentleggjord i Sverige, skriv PRV på bloggen sin.

Korleis er reglane for registrering av personnamn som varemerke i Noreg?
Kan kven som helst registrere Kong Harald eller kronprinsesse Ingrid?

Navn som varemerke

Namn til bestemte personar kan ikkje registrerast utan samtykke

Varemerkelova seier at eit varemerke ikkje kan registrerast utan samtykke av vedkommande rettshavar viss det inneheld noko som kan oppfattast som ein annan sitt namn, kunstnarnamn eller portrett, med mindre det openbert siktast til ein for lengst avdød person.

Uttrykket "namn" inkluderer i tillegg til namn som er beskytta etter namnelova, også namn som eintydig utpeiker ein bestemt person.

Føresegna skal vere eit vern for bestemte personar og bærarar av verna slektsnamn, slik at dei slepp å se namnet sitt brukt kommersielt eller bli assosiert med noko dei ikkje ønskjer å bli assosiert med.

Det same gjeld for portrett av bestemte personar, som du ikkje kan registrere som varemerke utan samtykke.

Grensen for verna etternamn er 200 bærarar, og viss du ikkje sjølv har namnet, må du ha samtykke frå samtlege bærarar for å kunne bruke namnet som eit varemerke.

Kva for namn er registrert som varemerke i Noreg?

Blant varemerke som er registrert hos oss, finn vi namn som Sondre Justad, Bjørn Dæhlie, Kari Traa, Skavlan, Lars Monsen, Drillo, Therese Johaug og Johannes Høsflot Klæbo, og utanlandske som Elvis, Michael Jackson; Justin Bieber og Britney Spears. Merka har dei registrert sjølv eller gjennom firma som har fått samtykke til registrering.

Av kongelege namn har vi blant anna Kong Haakon og Sonja som registrerte varemerke for sjokoladeprodukt, og i desse tilfella har sjokoladeprodusenten innhenta godkjenning frå Slottet.

Henrik Ibsen er også godkjent som varemerke fordi det viser til ein historisk person, og vedkommende er "død for lengre tid siden", som varemerkelova krev.

Du kan altså ikkje utan vidare registrere namnet til ein eller annan kjent person som varemerke, du må ha godkjenning først. Ditt eige namn kan du derimot registrere.

Er namnet særprega og du har samtykke, kan det registrerast for alle varer og tenester.

Du kan gjere eigne søk etter varemerke i søkjetenesta vår.

Les meir om registrering av varemerke

Relevante lover:

Varemerkelova § 16 bokstav c

Namnelova § 3

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: