Patentstyret melde seg som lærlingebedrift i 2017, og vi har no gleda av å ha vår andre lærling. Vi har veldig gode erfaringar med ordninga, som gir oss verdifull kompetanse og gjer oss betre til å lære bort.
Frå 2017 til 2019 hadde Patentstyret ein IKT-lærling i avdelinga for digitale tenester. Sida 2020 har vi hatt ein mediegrafikerlærling som jobbar med kommunikasjonsoppgåver.
– Patentstyret er nybegynnarar som lærlingebedrift, men hadde eit godt grunnlag for å lukkast, seier HR-rådgivar Ståle Windigstad. – Vi har lang erfaring med å ta inn studentar på praksis og praktikantar frå NAV. I tillegg har vi mykje opplæring av nytilsette og saksbehandlarar. Vi legg vekt på at lærlingane skal få ei veldig god opplæring, ikkje berre i ulike oppgåver, men også i kvaliteten på opplæringa.
Sara Holthe Næss starta lærlingeperioden i september 2020, og har fått bryne seg på både små og store oppgåver. Hennar gode mediekompetanse har vore gull verdt for Patentstyret i arbeidet med designlinje, årsrapport og ulike prosjekt med fotografering, film og design. Trass i pandemien og stor grad av heimekontor, har ho blitt inkludert i det faglege og sosiale arbeidsmiljøet i avdelinga.
Vi kan absolutt tilrå andre verksemder å ta inn lærlingar. Ordninga bidreg til at ungdom får verdifull opplæring og erfaring, og verksemda får glede av fersk kunnskap og ungdommeleg stå-på-vilje.
Fann du det du lette etter?
NB: Tilbakemeldingar er anonyme! Ønskjer du svar, ta kontakt med oss på telefon 22 38 73 00 eller post@patentstyret.no
Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.