Prisar patent

Kva kostar det å patentere ei oppfinning?

Søknadsgebyr

Du må betale eit søknadsgebyr når du søkjer om patent. Søknadsgebyret vil bli fakturert ved innlevering av søknaden med ein månads betalingsfrist.

  • Verksemd med fleire enn 20 årsverk: kr 4 650
  • Verksemd  med 20 årsverk eller mindre (småbedrift eller enkeltperson): kr 850
  • Tilleggsavgift for kvart patentkrav utover ti: kr 250

Ei småbedrift er definert som ei verksemd  med fast tilsette som utfører 20 årsverk eller mindre. Årsverk til selskap som i forhold til kvarandre er heileigde dotter- eller morselskap, skal summerast når det skal avgjerast om søkjaren er ei småbedrift. Ein søkjar kan påleggjast å framleggje dokumentasjon for at verksemda er ei småbedrift.

Ein enkeltperson er definert som ein fysisk person som ikkje representerer andre enn seg sjølv.

Om tilleggsgebyr for fleire patentkrav enn 10: Dersom du oppgir kor mange patentkrav søknaden inneheld når du leverer den, fakturerer vi tilleggsgebyret saman med søknadsgebyret. Dersom du ikkje oppgir talet på patentkrav når du leverer søknaden, sender vi eit brev der du får høve til å redusere talet på krav innan tre månader. Vi fakturerer då tilleggsgebyret for krav ved utløpet av tremånadsfristen. Dersom du ber om å få dette før tremånadsfristen har gått ut, sender vi faktura for tilleggsgebyret med ein gong.

Godkjenning av patentet

Før vi kan endeleg godkjenne patentet, må du betale eit meddelingsgebyr som består av:

  1. meddelingsgebyr: kr 1 200
  2. tilleggsgebyr for kvar side utover 14 (med unntak for kravsett omsett til norsk for engelskspråklege søknader, og for sekvenslister som er friteke for sideavgift): kr 250
  3. tilleggsgebyr for kvart nye patentkrav over 10: kr 250

Meddelingsgebyret forfell først når søknaden er klar for meddeling. Vi fakturerer avgifta.

Valideringsgebyret for europeiske patent (EP-patent): meir informasjon lenger ned på denne sida.

Årsavgifter

For å oppretthalde patentet ditt, må du betale årsavgifter.

Vi fakturerer ikkje årsavgifta, men du vil motta eit varselbrev når denne avgiften forfell. 

Årsavgifta for søknader og norske patent forfell første gong ved starten av patentsøknaden sitt tredje avgiftsår. Dei første tre åra kostar tilsaman kr 2 100.

Liste over årsavgifter frå 1. til 20. år

1. avgiftsår:    kr 700
2. avgiftsår:    kr 700  
3. avgiftsår:    kr 700
4. avgiftsår:    kr 1350
5. avgiftsår:    kr 1650
6. avgiftsår:    kr 2000
7. avgiftsår:    kr 2200
8. avgiftsår:    kr 2550
9. avgiftsår:    kr 2850  
10. avgiftsår:  kr 3200
11. avgiftsår:  kr 3500  
12. avgiftsår:  kr 3850  
13. avgiftsår:  kr 4200  
14. avgiftsår:  kr 4500  
15. avgiftsår:  kr 4850  
16. avgiftsår:  kr 5200  
17. avgiftsår:  kr 5500  
18. avgiftsår:  kr 5800  
19. avgiftsår:  kr 6200  
20. avgiftsår:  kr 6500  
21. avgiftsår:  kr 6500 (SPC)
22. avgiftsår:  kr 6500 (SPC)
23. avgiftsår:  kr 6500 (SPC)
24. avgiftsår:  kr 6500 (SPC)
25. avgiftsår:  kr 6500 (SPC)
26. avgiftsår:  kr 6500 (SPC)

Liste over årsavgifter totalt, utrekna etter kor mange år det skal betalast for

Denne lista blir brukt for delte patentsøknader. Ein patentsøkjar kan krevje ein patentsøknad delt i ein eller fleire nye søknader dersom det i basisdokumenta er skildra fleire oppfinningar. Patentsøkjaren må då betale samla årsavgifter for den delte søknaden rekna frå leveringsdagen for den opphavlege søknaden til og med sist forfalle årsavgift.

1-3. avgiftsår: NOK 2 100
1-4. avgiftsår: NOK 3 450
1-5. avgiftsår: NOK 5 100
1-6. avgiftsår: NOK 7 100
1-7. avgiftsår: NOK 9 300
1-8. avgiftsår: NOK 11 850
1-9. avgiftsår: NOK 14 700
1-10. avgiftsår: NOK 17 900
1-11. avgiftsår: NOK 21 400
1-12. avgiftsår: NOK 25 250
1-13. avgiftsår: NOK 29 450
1-14. avgiftsår: NOK 33 950
1-15. avgiftsår: NOK 38 800
1-16. avgiftsår: NOK 44 000
1-17. avgiftsår: NOK 49 500
1-18. avgiftsår: NOK 55 300
1-19. avgiftsår: NOK 61 500
1-20. avgiftsår: NOK 68 000

Eit patent varar i maksimum 20 år, mot at årsavgifter blir betalde for kvart år frå innlevering av søknaden. Patentvernet opphøyrer viss årsavgiftene ikkje blir betalde. 

Årsavgifta kan betalast tidlegast seks månader før forfall og inntil seks månader etter forfall. Viss du betalar etter forfall må du betale eit gebyr på kr 700 i tillegg til den ordinære årsavgifta.

For legemiddel og plantefarmasøytiske produkt kan det i visse tilfelle søkast om inntil fem års forlenging av vernetida (SPC, supplerande vernesertifikat).

Utsetjing: Dersom du som oppfinnar er søkjar eller innehavar av eit patent, og har store vanskar med å betale årsavgifta, kan det vere mogeleg å få utsett betalinga av årsavgift dersom du søkjer om betalingsutsetjing før avgifta forfell for fyrste gong. Vi kan gi ei utsetjing for inntil tre år om gongen, men ikkje lenger enn inntil tre år frå patentet er meddelt.
Meir informasjon om når og korleis åsavgifter skal betalast 


Betalingsfristar er absolutte

Alle betalingsfristar er absolutte. Du må derfor betale avgifta eller gebyret i god tid innan fristen for å unngå forseinkingsgebyr og mogleg henlegging av søknaden eller patentet. Beløpet skal vere på Patentstyret sin konto innan fristen går ut.

Patentstyret godtek ikkje betaling av avgifter og gebyr med sjekk eller kontantar.
Informasjon om kontonummer m.m.

Dersom du ikkje har overhalde den fastsette fristen kan du i somme tilfelle be om at søknaden din blir teken opp til behandling igjen.
Les meir om moglegheita for framleis behandling.


Årsavgifta for validerte EP-patent

Årsavgifta for validerte EP-patent forfell første gong avgiftsåret etter at EPO publiserte det meddelte patentet. Viss EP-patentet blei publisert i EPO i løpet av det andre året etter at søknaden blei innlevert, skal du betale årsavgift for det tredje året og dei påfølgjande åra. Årsavgifta kostar det same som for nasjonale patent.

Gebyr for å validere og oppretthalde EP-patent

Når vi mottek søknaden og dokumentasjonen din for å validere eit europeisk patent i Noreg, eller å oppretthalde ditt patent i endra form etter sentralisert prosedyre ved EPO, vil vi fakturere deg eit gebyr.

  • Gebyr for europeiske patent som av EPO blir meddelt eller kunngjort oppretthalde i endra form etter 16. januar 2016: kr 5 500.
  • Betalingsfrist: vil framgå av fakturaen vår, og vil normalt vere ein månad frå når vi sende ut fakturaen.

Retting av omsetjing for europeiske patentsøknader og validerte EP-patent

Du må sende inn ei omsetjing til Patentstyret både ved søknad om provisorisk patentvern, ved søknad om validering, og ved søknad om å oppretthalde i endra form.

Dersom det seinare visar seg at omsetjinga inneheld feil, kan du sende inn ei retting av den tidlegare innsende omsetjinga.

  • Gebyr for retting: når vi mottek søknaden din om retting, vil vi fakturere deg eit gebyr på kr 1 200.
  • Betalingsfrist: vil framgå av fakturaen vår, og vil normalt vere ein månad frå når vi sende ut fakturaen.

Meir informasjon om prisar og fristar for validering av EP-patent  


Andre avgifter og gebyr

Gjenopptaking

Vi fakturerer denne avgifta.

  • Første gongs gjenopptaking av søknadsbehandlinga: kr 550
  • Andre gongs gjenopptaking av søknadsbehandlinga: kr 1 950

Administrativ overprøving

Vi fakturerer dette gebyret.

  • Krav om administrativ overprøving av eit patent: kr 8 800

Krav om patentavgrensing

Vi fakturerer dette gebyret.

  • Krav om administrativ avgrensing av eit patent: kr 7 000

Søknad om Supplerande Vernesertifikat (SPC)

For legemiddel og plantefarmasøytiske produkt kan det i visse tilfelle søkast om inntil fem års forlenging av vernetida.

  • Gebyr for SPC: kr 2 200
  • Gebyr for forlenging av SPC: kr 2 000

Motsegn

Motsegn skal leverast innan ni månader etter meddeling av patent og er gratis.

Motsegn som er begrunna med at patent er meddelt i strid med patentlova sin §1b kan leverast inntil tre år etter meddeling. 

Viss dette leverast etter den ordinære fristen (ni månader): kr 5 500 

Melding om overdraging/fusjon

Overdragingar må du melde til Patentstyret, slik at vi kan oppdatere registra våre.

  • Denne tenesta er gratis.

Registrering av pant

  • Registrering av eit pant i eit patent eller patentsøknad, eller for registrering av pant i ein patentlisens: kr 500
  • Viss fleire patent, patentsøknader eller patentlisensar skal vere sikkerheit for same krav, gebyret for kvar registrering ut over den første: kr 100
  • Les meir om pantsetjing av patent 

Registrering av overdraging og lisensar

Prioritetsdokument og stadfestingar


Lenkje til regelverket

For meir utfyllande informasjon om avgiftene for patent, sjå forskrifta (lenkja går til Lovdata):


Patentstyret som mottakande myndigheit for internasjonale søknader

Om avgifter for internasjonale søknader som leverast til Patentstyret som mottakande myndigheit, sjå:


Kostnader knytte til internasjonale patentsøknader

For å få ei oversikt over samla kostnader for patentering i Noreg og andre land:

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: