Internasjonal patentsøknad

PCT (Patent Cooporation Treaty) er eit internasjonalt søknadssystem som gjer det enklare å søkje patent i fleire land.

PCT er kun eit søknadssystem. Ein internasjonal patentsøknad blir ikkje avgjort i den internasjonale behandlinga, men vurderast av ei internasjonal granskingsmyndigheit. Den internasjonale vurderinga består av nyheitsgransking og patenterbarhetsvurdering. Dei internasjonale rapportane du mottek gir deg eit godt grunnlag når du skal vurdere kor mange land du ønskjer å vidareføre den internasjonale søknaden i. Etter at du har vidareført søknaden i dei landa/regionane du ønskjer å søkje patent, vil dei ulike landa/regionane avgjere om dei gir deg patent eller ikkje.

Kven kan levere PCT-søknad til Patentstyret?

Patentstyret er mottakande myndigheit for internasjonale søknadar der minst éin av søkjarane er:

  • Norsk statsborgar
  • Person busett i Noreg
  • Person som driv næringsverksemd i Noreg, eller
  • Norsk bedrift

Levering av søknad til Patentstyret

Du må fylle ut søknadsskjemaet på engelsk, men forklaringa og patentkrava kan du levere på norsk eller engelsk. Viss du leverer søknaden på norsk, må du levere ei omsetjing til engelsk innan 14 månader frå prioritetsdatoen (eller den dagen vi mottok den internasjonale søknaden viss du ikkje har krevd prioritet). Dette som førebuing til internasjonal publisering.

Viss du ønskjer å krevje prioritet frå éin eller fleire tidlegare patentsøknadar, er det viktig at vi mottek den internasjonale patentsøknaden seinast 12 månader etter at du leverte den første søknaden. Du kan krevje prioritet samtidig som du leverer den internasjonale søknaden eller sende inn prioritetskrava innan 16 månader frå du leverte den første søknaden.

Når du leverer den internasjonale søknaden til Patentstyret, kan du velje Nordisk Patentinstitutt (XN), Det europeiske patentverket (EP) eller Patent och registreringsverk (SE) som internasjonal granskingsmyndigheit. Vær likevel merksam på at dersom du vel EPO som granskingsstyresmakt må søknaden leverast/ blir omsett til engelsk.

Internasjonal behandling av patentsøknaden

Den internasjonale granskingsmyndigheita vil utføre ei nyheitsgransking av søknaden din. Hensikta med granskinga er å undersøkje om nokon tidlegere har publisert det same som du har søkt patent på eller noko som er såpass nærliggande at det virker negativt i vurderinga av søknaden. Resultata av granskinga vil vere avgjerande for den vurderinga som blir gjort av om søknaden din har nyheit og oppfinningshøgd (om det skil seg vesentleg frå det som er kjent). Den internasjonale granskingsmyndigheita di vil også vurdere andre patenterbarheitskriterier, til dømes om oppfinninga er industriell brukande og om det er klart og tydeleg kva du krev patent på.

Du kan bidra til å minimere unødvendig dobbeltarbeid og redusere kostnadene dine ved å be om at nasjonal gransking av prioritetssøknaden leggast til grunn for den internasjonale granskinga.

Du vil motta granskingsrapport og patenterbarheitsvurdering («Written Opinion») frå den internasjonale granskingsmyndigheita. Granskingsrapporten blir publisert saman med den internasjonale søknaden 18 månader etter prioritetsdato. Patenterbarheitsvurderinga vil bli tilgjengeleg for alle på Patentscope etter at søknaden er publisert.

Nordisk Patentinstitutt som internasjonal granskingsmyndigheit

Nordisk Patentinstitutt (XN) er eit samarbeid mellom patentmyndigheitene i Danmark, Noreg og Island. Instituttet mottek og behandlar PCT-søknadar i den internasjonale fasen frå søkarar i desse landa og frå Sverige.

Ved å bruke Nordisk Patentinstitutt, vil søknaden bli behandla av saksbehandlarar i Patentstyret. Norske søkarar vil dermed kunne kommunisere på norsk under behandlinga av PCT-søknaden i den internasjonale fasen. Viss du krev prioritet frå ein norsk søknad, vil behandlinga vanlegvis bli utført av ein annan saksbehandlar enn han som gjer vurderinga av den nasjonale søknaden. Du vil derfor få ei uavhengig gransking av søknaden din.

Ved å bruke Nordisk Patentinstitutt vil i tillegg søkaren kunne nytte den same, norske fullmektigen gjennom både behandlinga av nasjonal førstesøknad, den internasjonale behandlinga og ei eventuell vidareføring til EPO. Det siste føresett at fullmektigen er godkjent som fullmektig overfor EPO.

Nordisk Patentinstitutt leverer dei internasjonale PCT-rapportane med granskingsresultat og patenterbarheitsvurdering med kortare fristar enn gjeldande fristar for internasjonale granskingsmyndigheiter.

Provisorisk patentvern i Noreg

Du kan få provisorisk vern i Noreg for ein internasjonal patentsøknad i perioden frå etter at den er publisert internasjonalt, og fram til den vidareførast i Noreg.

Du må levere føljande til Patentstyret for å få provisorisk vern i Noreg:

  • Patentkrav på norsk
  • Opplysning om søknadsnummer og/eller publiseringsnummer
  • Opplysningar om søkjar sitt namn og adresse
  • Eventuelt fullmakt. Viss du ikkje leverer fullmakt, blir søknaden publisert utan fullmektig.

Det provisoriske vernet gjeld berre så langt det er samsvar mellom den norske omsetjinga og den publiserte internasjonale søknaden. Du kan sende inn retting av omsetjinga.

Når du sender inn omsetjing eller retting må du fortelje oss at dei er sende inn for å få provisorisk vern.

Patentstyret vil kunngjere i Norsk patenttidende at patentkrav på norsk er levert, og omsetjinga vil vere tilgjengeleg for alle. Det provisoriske vernet gjeld frå kunngjøringa i Patenttidende.

Andre tenester i internasjonal fase

Etter at du har motteke internasjonal granskingsrapport og patenterbarheitsvurdering kan du få utført fleire tenester av internasjonale myndigheiter. For å be om desse tenestene må du vende deg direkte til den internasjonale myndigheita du vil bruke.

Viss du ønskjer å få utført ei internasjonal tilleggsgransking kan du be om det hos ei anna internasjonal myndigheit enn ho som gjorde den internasjonale granskinga og som leverer denne tenesta. Dette kan vere aktuelt viss den andre myndigheita har spesiell språkkompetanse som er nyttig for deg å få granska. Viss du ikkje har brukt Nordisk Patentinstitutt som internasjonal granskingsmyndigheit kan det vere aktuelt å bruke dei til tilleggsgransking i nordisk granskingsmateriale.

Viss du leverte den internasjonale søknaden din til Patentstyret og har behov for ei internasjonal førebels patenterbarhetsprøving, kan du velje mellom å bruke Nordisk Patentinstitutt (landkoden er XN), det svenske Patent- och registreringsverket (PRV) eller European Patent Office (EPO) som internasjonal myndigheit for førebuande patenterbarheitsprøving. En slik prøving vil til dømes vere aktuell viss du etter internasjonal gransking har endra patentkrava og har behov for å få vurdert dei før vidareføring til nasjonal fase.

Vidareføring av PCT-søknad

Når behandlinga i den internasjonale fasen er ferdig, må du vidareføre søknaden til kvart enkelt land eller regional ordning som du ønskjer å søkje i. Vidareføring inneber at søknaden må omsetjast til eit språk det enkelte land godtek, og du må betale ei avgift til dei respektive landa. Viss du får patent, vil patentet ha same status som eit ordinært nasjonalt patent.

Det europeiske patentverket (EPO) er tilslutta PCT. Du kan derfor vidareføre PCT-søknaden til EPO på lik linje med andre land. Da vil du søkje om patentvern i alle landa som er tilslutta den europeiske patentkonvensjonen (EPC), inkludert Noreg. Du kan også vidareføre PCT-søknaden din til Noreg, sjå nedanfor.

Vidareføring av PCT-søknad til Noreg

For å vidareføre ein PCT-søknad til Noreg må du sende inn ein kopi av PCT-søknaden (til dømes den internasjonale publiseringa av søknaden), eller publiseringsnummeret til Patentstyret.

Viss søknaden ikkje er på engelsk, har du 2 månaders frist til å levere ei fullstendig omsetjing av søknaden til norsk eller engelsk til Patentstyret. Du må betale ei tilleggsavgift viss du ikkje leverer omsetjinga samtidig med søknaden. Du må sjølv passe på fristen for omsetjinga etter som Patentstyret ikkje sender varsel. Viss du ikkje leverer omsetjing av søknaden innan 33 månader eller du ikkje betaler tilleggsavgifta, vil vi rekne søknaden som trukke.

Når søknaden er levert på norsk eller engelsk, kan ikkje språket i søknaden endrast i ettertid.

Viss du ikkje har overheldt den fastsette fristen, kan du i nokre tilfelle be om at søknaden blir tatt opp til behandling igjen. Les meir om moglegheita for fortsatt behandling.

Ein PCT-søknad som er vidareført til Noreg behandlast stort sett på same måte som andre søknadar levert i Noreg.

For å få provisorisk vern i Noreg for ein vidareført PCT-søknad som er levert på engelsk, må du omsetje patentkrava til norsk og sende omsetjinga til Patentstyret for kunngjering.

Lenker

Du kan lese meir om den internasjonale patentordninga på WIPO sine nettsider (World Intellectual Property Organization):

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: