
Kvifor må eg vite noko om varemerke, design og patent sjølv om eg ikkje skal verne noko?
Men så enkelt er det ikkje. Alle som driv næringsverksemd, må ta omsyn til patent, varemerke og designregistreringar på eit eller anna sett. Det er nemleg mange som har registrerte rettar, og du kan risikere å krenkje desse viss du ikkje har kunnskap om kva du kan og ikkje kan gjere.
Sjekk at namnet er ledig
Kanskje har du funne på eit namn til den nystarta bedrifta di, eller til det nye produktet. Og du har kanskje både laga skilt og reklamemateriell der namnet er i bruk. Men kva om nokon andre har registrert det same, eller noko som liknar, som varemerke? Då kan du ikkje utan vidare ta det i bruk. Nokon andra kan både ha registrert det som varemerke eller som domenenamn. Vi rår deg til å sjekke på namnesok.no for å sjå om namnet er ledig.
Sjekk om andre har rettar til produktet ditt
Eller kva med det nye produktet du har begynt å selje, tenk om det liknar veldig på noko som allereie er i marknaden? Og som nokon andre har fått patent på? Det kan bli kostbart for deg, fordi dei som har retten kan hevde at du krenkjer patentet deira.
Skaff deg grunnleggjande kunnskap
For å vere sikker på at du opererer i trygt farvatn og ikkje kjem i konflikt med andre sine rettar, bør du derfor sørgje for å få grunnleggjande kunnskap om patent, varemerke og designregistrering. Les på nettsidene våre og bruk databasane våre for å finne kva rettar andre har fått og søkt om. Du kan også bestille ei forundersøking for å finne ut om nokon har gjort ei tilsvarande oppfinning eller registrert eit liknande namn.
Tenk også på at kunnskap om andre sine patent og rettar kan vere ei kjelde til inspirasjon og mogleg samarbeid.