Merke søkt i svart-kvitt eller gråtonar får ikkje lenger vern for alle fargar

Varemerke i svart-kvitt eller gråtonar leverte til Patentstyret frå og med 1. mars 2023, får no kun vern slik dei er søkte, og ikkje i alle fargar.

I norsk og nordisk rett har praksis lenge vore at merke registrerte i svart-kvitt eller gråtonar også har vern i alle fargar. Praksisen har skilt seg frå praksisen til EU si varemerkemyndigheit, EUIPO, kor svart-kvitt-merke kun får vern for svart-kvitt-attgjevinga av merket.

I forbindelse med endringar i varemerkelova som tredde i kraft 1. mars 2023, blei Noregs praksis på dette området harmonisert med EU sin praksis. Merke leverte til Patentstyret etter denne datoen, får kun vern i svart-kvitt eller gråtonar, altså slik dei er søkte. Dette følgjer av varemerkeforskrifta § 8 tredje ledd andre punktum. Tilsvarande endringar har også skjedd i Danmark, Finland og Sverige.

Endringa påverker merke som er «leverte» til Patentstyret frå og med 1. mars 2023. Med ordet «levert» blir det sikta til søknadsdagen for nasjonale søknader, mens det for internasjonale utpeikingar i Noreg gjennom Madridprotokollen blir sikta til internasjonal registreringsdato eller etterfølgjande utpeikingsdato.

Endringa har ikkje tilbakeverkande kraft, og varemerke i svart-kvitt eller gråtonar som er leverte til Patentstyret før 1. mars 2023 vil fortsatt ha vern i fargar.

For at eit merke skal bli rekna for å vere i fargar, er det ikkje nok å angi i søknaden at merket er i fargar –attgjevinga av merket må i tillegg vise fargane. Fargane kan gjerne også presiserast i merkeskildringa, men dette er det ingen krav om. 

(Logoar frå øvst: Starbucks Corporation, PepsiCo Inc og Shell Brands International AG) 

Spørsmål om praksisendringa knytt til svart-kvitt-merke kan du rette til:

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: