Varemerke og forkortingar: endring i praksis

Patentstyret nekter søknader om varemerkeregistrering av merke som består av

  • ein beskrivande tekst, og
  • ei forkorting beståande av dei første bokstavene av kvart ord i den beskrivande teksten
  • viss merket som heile vil bli oppfatta av omsetningskretsen som beskrivande og utan særpreg.

Dette er ei følgje av EU-domstolen si avgjerd C-90/11 og C-91/11, «Multi Markets Fund MMF» og «NAI Der Natur-Aktien Index».

Den eine saka frå EU-domstolen gjaldt merket «Multi Markets Fund MMF». Den elles særprega forkortinga MMF består av dei første bokstavane i teksten Multi Markets Fund. Domstolen fann at MMF kun ville oppfattast som ei henvising til den beskrivande teksten. Som følgje av dette fann domstolen at det søkte merket ville bli oppfatta som beskrivande og utan særpreg av omsetningskretsen for forsikrings- og finansielle tenester.

(endringen først publisert 7. september 2012)

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: