Vurdering av 3D-merke

Patentstyret har endra praksis for vurdering av 3D-merke. Det er ikkje lenger noko eksakt storleikskrav ved vurdering av 3D-merke.

Tidlegare praksis

Patentstyret sin tidlegare praksis har vore å vurdere 3D-merke i storleiken 8x8 cm. Praksisen har vore basert på ei tolking av varemerkeforskrifta § 8 andre og tredje ledd. Etter utsegn frå Klagenemnda for industrielle rettar (KFIR) i sak 16/00197 (B) og sak 16/00203 (THE BOTANIST), har Patentstyret avgjort å endre denne praksisen.

 

Ny praksis

Det er ikkje lenger noko eksakt storleikskrav ved vurdering av 3D-merke. Dette gjer at merka kan forstørrast for vurdering av merket sine enkeltheiter. Retningsangivande for kor mykje vi kan forstørre slike merke er produkta sin naturlege storleik.

Viktig: Viss oppløysinga av merket er av låg kvalitet, vil det i mange tilfelle ikkje hjelpe at merket blir forstørra. Mindre element må framkomme tydelege når merket forstørrast. Det er derfor viktig at 3D-merka blir sende inn i form av bilete med god oppløysing slik at detaljane kjem klart fram når merket blir forstørra.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: