Klageordningar

Det finst ulike klageinstansar og ulike prosedyrar avhengig av kva du ønskjer å klage på og kvar du er i prosessen. Her finn du ei oversikt.

Kva klagar behandlar Patentstyret?

Er du usamd i Patentstyrets avgjerder om patent, design og varemerke, er Patentstyret rett mottakar. Vi behandlar òg klagar over registrering av føretaksnamn.

Kva klagar kan Patentstyret ikkje behandle?

Patentstyret behandlar ikkje klagar som gjeld marknadsføringsloven, registrerte domenenamn eller planteforedlerretter, men nedanfor kan du lese litt om kven som er rett mottakar for desse klagane. 

Kvar klagar du viss nokon misbruker retten din?

Du kan ta direkte kontakt med dei du meiner krenkjer retten din og vise til eineretten din. Alternativt kan du ta kontakt med ein IP-rådgivar eller ein advokat for å få hjelp. 

Du finn tips om korleis du kan stoppe piratkopiering på nettsida velgekte.no.