Bruk av klasseoverskrifter i varemerkesaker

Arbeidet i EU sitt Convergence Programme med klasseoverskrifter har resultert i eit felles europeisk standpunkt til bruk av klasseoverskrifter i varemerkesøknadar. Dette medfører endringar for varemerkesøkjarar i heile Europa, og i Noreg. Endringa gjeld frå 1. februar 2014.

Klasseoverskriftene har blitt vurdert i tråd med EU-domstolen sine utsegn i IP Translator, C-307/10. Av til saman 197 klasseoverskrifter er det eit felles europeisk harmonisert standpunkt at 11 klasseoverskrifter ikkje er klare og presise. Desse 11 overskriftene vil ikkje lenger bli godatt brukt i varelister.

Endringar

Frå og med 1. februar 2014 vil Patentstyret ikkje lenger godta følgjande klasseoverskrifter som står i utheva skrift nedanfor:

  • Klasse 6 - Varer av uedelt metall (ikkje opptatt i andre klassar)
  • Klasse 7 – Maskiner og verktøymaskiner
  • Klasse 14 - Edle metall og deira legeringer og varer av edle metall eller overtrukne med dette, ikkje opptatt i andre klassar
  • Klasse 16 - Papir, papp og varer laga av desse materiala [papir og papp], ikkje opptatt i andre klassar
  • Klasse 17 - Kautsjuk, guttaperka, gummi, asbest, glimmer samt varer laga av desse materiala [kautsjuk, guttaperka, gummi, asbest, glimmer], ikkje opptatt i andre klassar
  • Klasse 18 - Lær og lærimitasjonar samt varer av desse materiala [lær og lærimitasjonar], ikkje opptatt i andre klassar
  • Klasse 20 - Varer (ikkje opptatt i andre klassar) av tre, kork, røyr, rotting, kurvflettverk, horn, bein, elfenbein, kvalbein, skal og skjell, rav, perlemor, merskum og erstatningsstoff for alle desse materiala, eller av plast
  • Klasse 37 – Reparasjonsvirksomheit
  • Klasse 37 – Installasjonsvirksomheit
  • Klasse 40 – Bearbeiding av materiale
  • Klasse 45 - Personlege og sosiale tenester utført av andre for å dekkje personlege behov

Nærmare forklaringar og grunnar for kvifor desse klasseoverskriftene ikkje er tilstrekkeleg klare og presise, framgår av dette dokumentet "Common Communication on the Common Practice on the General Indications of the Nice Class Headings". (PDF-fil) 

Implementering av endringane

Patentstyret implementerte endringane frå og med 1. februar 2014. Endringane gjeld for varemerkesaker som kjem inn til Patentstyret frå og med denne datoen.

De 11 nemnte klasseoverskriftene vil frå implementeringsdatoen heller ikkje vere tilgjengeleg som val i klassifikasjonshjelparen.

Viss ei klasseoverskrift som ikkje er klar og presis blir brukt i ei vareliste etter at endringane er trådt i kraft, vil Patentstyret skrive til søkjar som deretter får høve til å presisere varelista.

For dei som har tenkt å søkje internasjonalt gjennom Madrid-systemet, kan det vere lurt å tenkje på denne praksisendringa allereie no. Dei aktuelle klasseoverskriftene vil også nektast i EU, i nokre land allereie frå november 2013.

Treng du hjelp?

Patentstyret vil sjølvsagt vere behjelpeleg med å rettleie og hjelpe til med eventuelle klassifiseringsspørsmål som oppstår i saksbehandlinga. Du kan ta kontakt med oss på telefonnummer 22 38 76 41.

Spørsmål om praksisendringa kan rettast til Tord Hestenes, telefon 22 38 76 35 og
e-post the@patentstyret.no.

Avslutningsvis opplyser vi om at Common Communication on the Implementation of IP Translator er oppdatert med nokre mindre endringar. Les den oppdaterte versjonen (PDF-fil).

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: