Korleis blir klasseoverskrifter tolka i Europa? (del 2)

Patentstyret har tidlegare publisert informasjon om korleis klasseoverskrifter i varelista blir vurdert etter EU-domstolen si avgjerd i IP Translator-saka.

Implementeringa av den nye varemerkeforordninga No. 2015/2424, art. 28(5) og 28 (8), vil medføre enkelte endringar for EU-varemerke. Endringane betyr ingen ting for varemerkerettar i Noreg.

Implementeringa av forordninga medfører at klasseoverskriftene i alle EU-varemerke, etter ein overgangsperiode, vil bli tolka etter ordlyden. Dette gjeld med andre ord også alle eldre EU-registreringar.

Oversikta viser korleis dei nasjonale registreringsmyndigheitene i EU og EU si varemerkemyndigheit (EUIPO) tolker klasseoverskrifter i både nasjonale registreringar og EU-registreringar, før og etter IP Translator.

Les meir om dette i «Common Communication on the Implementation of IP Translator - Updated» (PDF)

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: